– Eg har ikkje meir å ta meg saman med

Dette er ei setning eg ikkje kan gløyme. Eg stod framfor ei ung kvinne som sleit med det å vere seg sjølv, vere mor og vere på arbeid etter at livet hadde krasja. " Alle seier eg må ta meg saman", sa ho,"men eg har ikkje meir å ta meg saman med".

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

GBG

Foto: Venstre

Dei aller fleste familiar vil ein eller fleire gongar få kjenne på sorga over at nokon av deira ikkkje taklar livet. Depresjon og psykiske lidingar er dessverre ikkje sjeldan. Og det er då vi må ha eit hjelpeapparat og ei samfunnsoppbygging som gjer at det går ann å kome inn att i livet igjen — eller det går ann å leve eit verdifullt liv utan arbeid. Det er ikkje alle som greier presset med å vite at dei må på arbeid neste dag.

Vi politikarar må passe oss vel for at støtteapparatet til desse ikkje må bli salderingspost etter at dei øyremerka midlane til psykiatri er slutt. Vi treng ein heil skala av tilbod til dei som slit med psykisk sjukdom.

Vi treng at dei har eit felelskap å vere i , vi treng at det blir lagt til rette med arbeidsplassar og møteplassar. Vi treng legar som ikkje tyr til lykkepillarar ved første konsultasjon, vi treng gode psykologar som kan kome tidleg inn, vi treng psykiatriske sjukepleiarar som kan vere aktive mot heimen når vanskane blir for store til at dei som treng hjelp ikkje greier å kome seg ut og be om det.

Og vi treng ei folkehelsesatsing som både kan gi tilbod om å vere aktiv på dagtid saman med andre, som arbeider med rusproblematikken og som arbeider med sunn mat. Psykiatri og rus er ein vanleg kombinasjon. Og no viser alle undersøkjingar at også mat og fysisk aktivitet er avgjerande for den psykiske helsa.

Venstre vil satse mest på dei som treng det mest. Og psykisk sjukdom er ein sjukdom som vi ikkje vil gløyme sjøl om det ofte både er vanskeleg å få auge på og gjere noko med.

Gunn Berit Gjerde
Fylkesordførarkandidat for Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**