Ja, de penga

Venstre har mange ønsker for Hareid kommune den komande perioden. Samstundes må vi erkjenne at den største utfordringa for den perioden er å finne gode løysingar for økonomien. Korleis kan ein få balanse, eller aller helst pluss, i forholdet mellom inntekt og utgift? Her trengs det både raske tiltak og langsiktig tenking. Vi ønsker å ta ansvar i denne prosessen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

LEH og EW

Foto: Ann Helen G. Worren

Auka inntekt: Sal av næringstomter vil både på kort og lang sikt gi pengar i kassa. Venstre ønsker å jobbe for realisering både av Hareidsmyrane og Risneset til dette. Folkeauke er avgjerande. Dette gjev både auka støtte frå staten og skatt. P.t. er det fleire ubygde tomter i Hareid. Venstre ønsker likevel å jobbe for endå fleire attraktive tomter. Rimelege ungdomsbustader er eit anna tiltak.

Reduskjon av utgifter: Her er det ingen enkle løysingar, og dessverre vil vi ikkje kome utanom tiltak som vil smerte. Dei to store utgiftspostane er skule og omsorg. Skulebruksplanen er ferdig til nyttår. Denne vil gi ei retning for ein framtidig skulestruktur. For oss er det viktig med langsiktigheit og forutsigbarheit når ein skal gjere endringar på dette området. Dersom nedlegging av skulekrinsane ikkje er til å unngå, bør dette skje planlagt og ikkje over natta. Den nyleg framlagde rapporten om omsorgstenesta i Hareid, viser at Hareid driv godt med små midlar, og at det allereie er skore godt inntil beinet. Erfaringar frå andre kommunar viser at det kan vere noko å hente på å oppruste den heimebaserte tenesta. Kanskje kan også Hareid ha noko å gå på her?

Dette er nokre tankar som ikkje aleine er nok for å oppnå balanse. Ideelt sett skulle vi alle gjerne gått til val med rommelege budsjett og pengar på bok. Når det ikkje er slik, ønsker vi å bidra konstruktivt til ein god dialog for å finne dei beste løysingane. Det er viktig å snu alle steinar, og våge å tenke nytt. Kanskje finns det gode idear og løysingar som vi ikkje har sett enno? Venstre ønsker å invitere til ei tankesmie med brei samansetning av folk som kan ha gode innspel, folk frå næringslivet, tilsette i kommunen, politikarar, representantar frå andre kommuner som har lukkast og andre ressursar. Trass i stor tru på kva Venstre kan få til, trur vi at vi i denne saka er avhengig av at alle gode krefter slår seg saman for å finne løysingar for framtida. Godt val!

Einar Warholm, Ordførarkandidat for Hareid Venstre
Lars Erling Bjåstad Hovlid, 3. kandidat for Hareid Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**