Kan Venstre styra Os? – JA. Innlegg i Os og Fusaposten 7. september 2011

Eit spørsmål som Os FrP no stiller er om andre enn FrP kan styra Os. Spørsmålet er retorisk stilt, så svaret på eige spørsmål vert sjølvsagt nei. Noko anna var ikkje å venta. Men om ein no tilhøyrer eit anna parti får ein naturlegvis svaret ja på same spørsmål, sjølvsagt under føresetnad at velgjarane gjev dei mandat til å styra.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Os FrP har no styrt Osbygdo i tolv år med Terje Søviknes i førarsetet. FrP vil gje han fire nye år som ordførar og er nok aleine om det, alle andre parti i Os vil gje han avløysing. Eg føreset naturlegvis at dei hine partia aller helst vil sjå sine eigne ved roret på kommandobrua. For elles hadde dei neppe stilt med eigne ordførarkandidatar, eller?

I den samanhengen merkar eg meg at FrP hevdar at dei er dei einaste som er kompetente til å styra Osbygdo. Déi om det -. Eg vil påpeika at dét å vera i posisjon ikkje er det same som å ha monopol på korkje løysingar eller fasitsvar. Det at ein gjer mykje riktig er heller ikkje det same som at ein gjer det som er rett for Os og osingane. Unge, kreative hovud og folk med lang politisk røynsle- og livserfaring finst i alle parti, berre så det er nemnt. Ikkje minst då i Os Venstre, som gjev deg både kreativitet og livsrøynsle. Og resten er opp til velgjarane.

Men erfaring er ikkje berre nedfelt i folk, ho er òg nedervd i lag og parti: God erfaring er nedfelt og innebygd i eit velfungande partiorganisasjon. Om vi seier at talet på år som ordførar er ein føresetnad for god styring i Os, så bør vi merkja oss kva parti som hadde ordføraren i Os dei siste 110 åra (1901 — 2011), og kor lenge vedkomande parti hadde han. Eg går attende til 1901 fordi det var det aller første kommunevalet der menn hadde almenn stemmerett, og samstundes det aller første der skattebetalande kvinner hadde høve til å røysta.
Det gjev oss dette oversynet:

V — 33½ år (ordførarane Hans O. Eide, Nils Tveit og Leif O. Strønen)
H — 18 år (ordførarane Mathias Erichsen, Hans M. Skinstad og Ole Haakon Lunde)
Sl — 14 år (ordførarane Paul Martin Sælen og Annlaug Tysseland)
FrP — 12 år (ordførar Terje Søviknes)
Sp — 12 år (ordførarane Ole Moberg Hauge og Anders A. Hauge)
Ap — 10 år (ordførarane Olav J. Moberg og Alfred Monsen)
KrF — 8 år (ordførarane Erling Th. Lunde og Geirmund Dyrdal)
NS — 2½ år (ordførar Sigurd Bugge)

Ut frå dette er det då heilt innlysande at Venstre er det partiet som er best skikka til å styra Os, medan Høgre og Samlingslista (dvs. Tverrpolitisk Samlingsliste) er meir erfarne enn Framstegspartiet, Senterpartiet (gamle Bondepartiet) og Arbeidarpartiet. – Godt Val!

Terje Hatvik
Os Venstre
sin 2. kandidat

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**