Os Venstre: beste garantist for ny E39. Innlegg i Os og Fusaposten 10. september 2011

Som osing og Venstremann er eg mellom dei som gler seg over at E39 mellom Svegatjørn og Rådal endeleg ser ut til å koma på plass om lag femogførti år etter at prosessen kom i gang. Det vert bra både for nærmiljøet, kommunen, osingane og ikkje minst næringslivet her i kommunen. Os FrP gjer vegsaka til si valkampsak her i kommunen, men nokre av oss hugsar nok betre enn dei reknar med. Dei fleste osingar veit nemleg at det er brei tverrpolitisk semje om E39, og at saka med jamne mellomrom har stått på sakskartet i samtlege kommunestyre i Os dei siste 35 åra.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Næringslivet og bygdefolket har all grunn til å helsa vegen velkomen når han kjem, men dei bør samstundes merkja seg følgjande: 1) Dersom ikkje Os FrP hadde trenert heile vegbygginga med bompengemotstanden sin på 1990-talet så ville ny E39 truleg stått ferdig for ti-elleve år sidan. Både osingar og samfunnet elles kunne såleis forlengst ha teke i bruk ein ny høveleg E39-veg.

2) Når ny E39 endeleg kjem er dét som resultat av ein lang prosess med solid planarbeid frå fagfolk i mange etatar der ikkje minst dei ulike samferdsleministrane dei siste tolv-tretten åra er å takka: Odd Einar Dørum (V), Terje Moe Gustavsen (A), Torhild Skogsholm (V) og Liv Signe Navarsete (Sp). I tillegg har fleire osingar òg lansert gode og kreative framlegg til traséval og/ eller planløysingar, i takksemd nemner eg her mellom andre Jan Gaassand, Lars Søfteland, Jimmy Øvredal, Bjørn Atle Drange, Hans Skogen og Arvid Søvik.

3) Underteikna sitt framlegg, Midtlinja vart lansert i "Os og Fusaposten" den 20. september 1989 og samstundes oversendt Vegdirektoratet og Samferdsledepartementet for vurdering og handsaming. Den vedtekne traséen for ny E39 samsvarar svært godt med den traséen eg føreslo for 22 år sidan, jamfør oppslaget i lokalavisa. Og eg er venstremann. Ut frå dette bør ein då stemma anten Venstre, Sp eller Ap om ein vil ha fortgang i E39-saka, ikkje FrP. Os Venstre kjenner nemleg eit ekte eigarskap til dette vegprosjektet — i motsetnad til vêrhanane i FrP som først heiv seg på når dei fann ut kva veg vinden bles i E39-saka.

Parallellt med at E39 kjem på plass så må det lagast ’park and ride’ anlegg i tilknyting til vegen. Det er klart at éitt anlegg kjem i Endalausmarkjo der lysefjordingane koplar seg på. I tillegg må vi òg må ha eit slikt anlegg i Kolskogen. Kva om kommunen syter for at busselskapet Tide flyttar til Lidl-tomta i enden av Ulvensletta, dvs. at Os kommune overtek Tide si tomt i Kolskogen og lagar eit høveleg ’park and ride’anlegg der? Lidl-tomta med påståande bygg høver for både bussar- og busselskap, tomta på Ulven ligg òg svært gunstig til midt i Osbygdo.

Ei anna sak er at når ein lagar tunellar gjennom fjellet mellom Svegatjørn og Rådal med tilhøyrande kabelgater, ventilasjon m.m., så kan ein òg kopla seg på fjernvarmeanlegget i Rådalen og føra fjernvarme gjennom vegtunellen fram til (i første omgang) industrifeltet i Endalausmarkjo, seinare kan ein då laga forgreiningar utover i Os.

Tenk for ein utruleg miljøvinst dette er — og for ein kostnadsvinst for verksemdene som vil etablera seg der! Haukeland sykehus i Bergen får i dag fjernvarme frå Rådalen. Os Venstre meinar Os må slå til og nytta høvet no når E39 vert bygd. I tillegg er det òg fullt mogeleg å laga til bybane i same traseen. Er du samd i dette så stemmer du Venstre på måndag. Godt val!

Vidsynte vyar, Visjonære valg — velg vétig, velg Venstre

Terje Hatvik
Leiar i Os Venstre
Nr. 2 på listo

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**