Venstre vil vekst — men veg og vern først. Innlegg i Os og Fusaposten 3. september 2011

Aksjonsgruppa “Nei til Bjånesby” utfordrar partia i Os til å svara på ei rekkje spørsmål vedkomande dei føreliggjande planane for utbygging på Bjånes. Os Venstre svarar naturlegvis meir enn gjerne. Det er vel klart for nokon kvar kor Os Venstre står i denne saka. Os Venstre vil vekst, men ikkje ukontrollert, og slett ikkje for einkvar pris. Som eit sosialliberalt parti med tydeleg miljø- og familieprofil set vi sjølvsagt grøne og sosiale verdiar i høgsetet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Omsynet til verdfull natur og vern av denne, og — ikkje minst — vern av oppveksande slekter (pittesmå mjuke trafikantar) gjennom bygging av gang- og sykkelsti og ei naudsynt omlegging av vegen utanom Osøyro, må sjølvsagt på plass først. For elles vil trafikken gjennom Osøyro ’stå i sju steinar’ kvar dag. Dette vedkjem sjølvsagt ikkje berre dei osingane som bur aust om Oselvo, i Hegglandsdalen og Indregardane, men òg alle andre pendlarar som passerar Osøyro. Dersom Bjånes skal byggjast ut etter føreliggjande planar må vegomlegging til. Det er like viktig som at ny skule og annan infrastruktur er på plass før utbygginga tek til.
All utbygging i Os kommune skal vera styrt av politikarane, ikkje av andre. Os Venstre meiner at det er nødvendig å koma med klare føringar. Difor er vi klare til å iverksetja ein annan politikk i Os der kommunen vert ein både tydelegare og langt meir konsekvent faktor å halda seg til, både for utbyggjarar og andre. Os Venstre set folk først, særskilt oppveksande osingar på utrygg skuleveg, men òg den nedervde livskapitalen vi har i form av urørt natur og eit mangfald av artar i faunaen. Til sjuande og sist handlar dette om kva slags Osbygd me vil overlata til komande generasjonar: Berre asfalt og bustader eller litt grønt òg?
1) Syntes ditt parti at dagens framlagte planer er eit godt nok fundament for å bygge ut Bjånes?
Nei

2) Vil partiet ditt avventa heile eller deler av utbygginga til ei ny vegløysing utanom Osøyro er på plass?
Ja

3) Kva konkrete tiltak vil ditt parti sette i gang for å:
a) Hindra kø og trafikkfarlege situasjonar på strekninga Hatvik-Tøsdalskiftet?
Redusera storleiken på prosjektet og dempa utbyggingstakten det vert lagt opp til. I tillegg vil me at gang- og sykkelsti langs Hatvikvegen (frå Haugeskiftet til Hatvikkaien) skal stå ferdig _før_ utbygginga tek til. Som Os Venstre skriv i valprogrammet: Dersom fleirtalet i Os kommunestyre gjev utbyggjarane grønt lys for planane slik dei no ligg føre, må vi leggja vegen _utanom_ Osøyro; for elles vil trafikken kvela Osøyro og påføra alle som lyt passera Osøyro magesår. Miljøtunnel for bilar frå Klyva under Bø og Lyssand fram til Lyssandtræ, med bru over Oselvo og ein ny, kort tunnel under Sveo fram til enden av Banktjørna/ Flåten; er ei fullt mogeleg og ønskjeleg løysing. Denne tunnelen vart i si tid lansert av dåverande teknisk sjef i Os kommune, Øyvind Tøsdal. Det er vel verdt å lytta til fagmannen Tøsdal i dette høvet.
b) Hindra ein overfylt Os-skule og/eller transportering av elevar i Os krins til andre skular i kommunen?
Bygg ny skule og barnehage alt no — eller reduser omfanget av utbygginga vesentleg !

4) Når skal slike tiltak settast i gang i høve til oppstart av utbygging/ utbyggingstakt (dvs. årstal)?
Seinast halvanna år (atten månader) før ein gjev endeleg klarsignal til utbyggjarane.

5) Kva meiner ditt parti er smertegrensa for antal nye bustader samstundes som ein tek i vare kvalitetane Bjånes har som friluftsområde med eit rikt plante-, fugle- og dyreliv?
Maksimalt ein niandedal av dagens framlagde- og føreliggjande planer, altså 1200 : 9. Det vil då seia 134 bustader. Med 1,5 til 1,75 bilar pr husstand vil 134 bustader medføra ein auke i den totale biltettleiken på denne vegen frå 200 til 234 personbilar. Og noko meir enn det maktar korkje dagens Hatvikveg eller Osøyro å svelgja unna. Desse tala meiner me då er det maksimale. (Til samanlikning vil 1200 bustadar medføra frå 1800 til 2100 bilar ekstra).

6) Vil partiet ditt vera villig til å avsetja eit større areal som reint friluftsområde (ekskl. golfbane), og oppgradera turstiane slik som på Smøråsfjellet og i Hordnesskogen?
Definitivt ja! Slike tiltak er allereie nedfelt i programmet vårt, sjå dette.
Vidsynte vyar, visjonære val — velg vétig, velg Venstre!

Terje Hatvik,
Leiar i Os Venstre
nr 2. på venstrelisto

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**