Rekordval for Eid Venstre

Eid Venstre vart den store valvinnaren i Eid ved kommunevalet 2011. Venstre fekk heile 44% av røystene i Eid, og får med det 13 av dei 29 plassane i kommunestyret. Ei valteknisk samarbeidsavtale sikrar også Venstre både ordførar og varaordførar. Vi takkar så mykje for tilliten!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Eid Venstre gruppe topp6 nr 1

Foto: Steinar Engeland

Venstre og Høgre har inngått avtale om eit valteknisk samarbeid der Venstre får ordførar og varaordførar, medan Høgre får eitt ekstra formannskapsmedlem og leiarvervet i det nye Driftsutvalet. Partia er vidare samde om å tilby Senterpartiet, leiarvervet i Samfunnsutviklingsutvalet, som er det andre av dei to hovudutvala i den nye politiske organiseringa i Eid kommune.

Alfred Bjørlo, Venstre sin listetopp, blir med denne avtalen ny ordførar i Eid 6. oktober. Det vil om kort tid bli avklart kven som blir varaordførar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**