Gunvald Ludvigsen blir varaordførar i Eid

Gunvald Ludvigsen (Venstre) blir varaordførar i Eid når det nye kommunestyret konstituerer seg 6. oktober.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Gunvald Ludvigsen

Foto: Valavis 2005

– Med Gunvald Ludvigsen får Eid ein varaordførar med brei politisk erfaring og nettverk både lokalt, regionalt og nasjonalt, seier Venstre sin listetopp ved kommunevalet og påtroppande ordførar Alfred Bjørlo (V).

Gunvald Ludvigsen var ordførar i Eid 2003-05 og Stortingsrepresentant frå 2005 til 2009. Ludvigsen er 62 år, utdanna sosialøkonom og kjem frå Leirfjord i Nordland. Han flytta til Eid i 1983 og har sidan mellom anna vore rådmann i Eid, banksjef i DnB og direktør ved Nordfjord sjukehus i perioden 1993-2003. Han arbeider i dag som administrasjonssjef ved Nordfjord Psykiatrisenter. Gunvald Ludvigsen vart vald inn i det nye kommunestyret i Eid frå ein sisteplass på Venstre-lista, med flest personstemmer og “slengarar” av alle på lista med unntak av listetopp Alfred Bjørlo.

Venstre og Høgre har inngått avtale om eit valteknisk samarbeid i Eid der Venstre får ordførar og varaordførar, medan Høgre får eitt ekstra formannskapsmedlem og leiarvervet i det nye Driftsutvalet. Partia er vidare samde om å tilby Senterpartiet, leiarvervet i Samfunnsutviklingsutvalet, som er det andre av dei to hovudutvala i den nye politiske organiseringa i Eid kommune.

Venstre får 13 kommunestyrerepresentantar i Eid etter rekordvalet på 44%, og vil få tre medlemmer i det nye formannskapet. Brit Moa går inn i Formannskapet saman med Alfred Bjørlo og Gunvald Ludvigsen.

Eid Venstre har også avklart at Arild Nøstdal blir gruppeleiar for Venstre si kommunestyregruppe og går inn i Driftsutvalet. Siv Langøen Rotevatn blir nestleiar i gruppa og går inn i Samfunnsutviklingsutvalet. Øvrig plassering av Venstre sine representantar i utvala vil bli avklart fram mot konstitueringa 6. oktober.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**