Gruppemøter, medlemsmøte og diskusjonssalong

Då er vi i gong med ei ny periode i kommunestyret. Første kommunestyremøte var torsdag 13. oktober, med konstituering.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Hareid Venstre 2011-1

Foto: Ole Frank Bakken

I forkant av kvart kommunestyremøte er gruppemøter måndagen same veka, kl 19.15 på Hareid rådhus. Vi held til i kjellaren. Vi håper mange vil ta del på gruppemøta. Det er her vi kan diskutere sakene som skal opp i kommunestyremøte, samt andre aktuelle saker, om det skulle vere ønske om det.

For 2011 er det gruppemøte fylgjande datoar:
Måndag 14. november kl 19.15
Måndag 12. desember kl 19.15

Datoar for gruppemøter 2012 kjem når møteplanen er klar.
Vi vil så langt som det let seg gjere sende påminning om gruppemøta, med link til kommunestyredokumenta når dei er klar, men set gjerne av datoen alt no!

Det er også sett to datoar i november, med aktivitet:
Onsdag 9. november kl 18.00 – Haustfest for medlemmar. Fagleg og sosialt. Truleg på Hareid hotell.
Tysdag 22. november kl 19.30 – Diskusjonssalong med tema kommuneøkonomi. Truleg på Hareid hotell.
Meir info om desse to kveldane kjem etterkvart, men set gjerne av datoane!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**