Første årsmøte i Søre Sunnmøre Unge Venstre!

Då er det offisielt; Søre Sunnmøre har med det første ordinære årsmøtet den 4. november fått eit Unge Venstre-lag!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Unge Venstre logo

Foto: logo

Sidan oppstarten og samansetjinga av eit interimstyre for ein månad sidan, har medlemsmassen stege frå 9 til 24, og det er stor optimisme og pågangsmot å spore i det nyvalde styret på 7.
— Dette er ei positiv utvikling, og viser at fleire og fleire unge vel å engasjere seg i politikken. Vi skal stå på vidare, og hovudfokuset vårt framover er å rekruttere medlemmar, slår leiaren for Søre Sunnmøre Unge Venstre, Benjamin-Aaron Knotten Torvik fast til Vikebladet i dag.

Av sakene dei vil ta tak i først, nemner dei betring av kollektivtilbodet på Søre Sunnmøre, særleg prisane og korrespondansen på bussane, samt korrespondansen på snøggbåten frå Hareid.

I tida framover kan dei nye medlemane sjå fram til ideologisk og politisk skulering i Volda den 15. november, samt hyttetur i slutten av månaden.

Styret i Møre og Romsdal Venstre gratulerer!

Her kan du lese artikkelen: Vikebladet

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**