Felles årsmøtesamling for venstrelaga i Hallingdal sundag 15. januar

I år var den felles samlinga for venstrelaga i Hallingdal halde på Ingers Kro, Myrland i regi av Hol Venstre – sundag 15. januar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Tradisjonen tru var møtet inndelt slik:1.”Individuelle” årsmøte i lokallaga: Gol Venstre, Ål Venstre og Hol Venstre. 2. Fellesmøte. 3. Middag

Årsmøtet i Gol Venstre
A. Vanlege årsmøtesaker: Av årsmeldinga går det fram at Gol Venstre har hatt eit svært aktivt år med i alt 17 møte av ulike slag og eitt fellesmøte med dei andre laga i Hallingdal. Gol Venstre hadde både før og etter valet tre representantar i kommunestyret. Desse har hatt mange innlegg i kommunestyret og arbeidd svært godt i formannskapet og utvala UKL og UNN.

B. Val av styret:
Leiar: Helge Feet
Nestleiar: Vlasta Sundmoen
Skrivar: Gunhild Sørum
Kasserar: Hallvor Lilleslett
Styremedlem: Erlend Grubben
Vara:
1. Line Marie Nilsen, 2. Gudrun Bøthun, 3. Yngve Jystad, 4. Sigurdis Ingimundardottir, 5. Ole Martin Feet, 6. Sander Lilleslett, 7. Anna Lilleslett, 8. Per Drabløs.
Revisor: Ola V. Stake
Valnemd: Gudrun Bøthun, Hallvor Lilleslett, Per Drabløs
Val av utsendingar til årsmøtet i Buskerud Venstre 18 — 19 febr. på Kongsberg
1. Helge Feet, 2. Hallvor Lilleslett
Vara: 1. Vlasta Sundmoen, 2. Gudrun Bøthun, 3. Gunhild Sørum

Leiar HelgeFeet takka Mildrid Nesheim for stort og godt arbeid for Gol V i mange år.

Etter årsmøta i lokallaga, var det fellesmøte for alle venstrelaga i Hallingdal. Fylkestingsrepresentant for Buskerud Venstre Helge Stiksrud var med. Han snakka om kor viktig det er å samarbeide for å få gjennomslag for saker i Buskerud. Både samhandlingsreformen og kollektivtrafikk var tema som vart tekne opp.
Årsmøtet vart avslutta med hyggeleg bordsete med felles middag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**