Kamp for nynorsken/sidemålet

I politisk uttale vedteke på årsmøtetet 2012 om nynorsk protesterer Møre og Romsdal Venstre mot framlegga til endringar knytta til norskfaget i grunnskule og vidaregåande skule som kan vere med å svekkje sidemålet si stilling.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Heile uttalen:

KAMP FOR NYNORSKEN/SIDEMÅLET

Statsråd Kristin Halvorsen saman med Utdanningsdirektoratet vurderer for tida innhaldet i norskfaget i grunnskule og vidaregåande skule.

Læreplanen i norsk er fullpakka og det kan såleis vere nødvendig å gjere endringar. Eitt av framlegga går klart i retning av å svekkje sidemålet. For dei fleste elevar i landet vårt vil dette gjelde nynorsk.

Ei svekking av sidemålet vil ikkje som Halvorsen hevdar, direkte styrkje hovudmålet. Dess fleire språk, dess betre og dei vil gjensidig styrkje kvarandre. Vi har sidan 1885 hatt to jamstilte målformer i landet vårt – i tillegg til samisk. Dette er lovfesta. Dette krev god og rett satsing på språka frå grunnskule og vidare i utdanningssystemet. Gjennom skuleløpet skal alle få grunnleggjande kunnskapar i språka – og kunne dokumentere dette gjennom eksamen og eigen karakter!

Framlegga vil vere ei bit-for bit svekkjing av sidemålet og då i hovudsak nynorsk. For oss i Møre og Romsdal er det naturleg å kjempe for nynorsken si stilling. Det er for mange det naturlege skriftspråket. Mange kommunar har dette som administrasjonsspråk og opplæringsspråk i grunnskulen. Saman bør vi difor rope eit skikkeleg varsku for konsekvensane av dei tiltaka som no sentralt er under vurdering for å rette på dette.

Det å lære elevane å meistre nynorsk og bokmål på best mogeleg vis, bør vere eit av norskfaget sine hovudoppgåver også i framtida.

Møre og Romsdal Venstre samla til årsmøte 2012, vil protestere mot framlegga til endringar knytta til norskfaget i grunnskule og vidaregåande skule som kan vere med å svekkje sidemålet si stilling.
Eigen eksamen og eigen karakter i sidemålet må oppretthaldast.

Forslaget var fremma av Ragnar Bakken — sekr. Ørskog Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**