Hallvor Lilleslett er vald til ny ordførar i Gol

Hallvor Lilleslett (V) vart vald til ordførar i Gol i kommunestyremøtet 8. mai, etter at han hadde fungert som ordførar i tida etter at Olaug Grønseth Granli døydde

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Det var fleirtalspartia, Ap, SV, Krf og V som føreslo Lilleslett til ordførarvervet. Lilleslett vart i haust vald som varaordførar. Han fungerte som ordførar den siste tida etter at Olaug Grønseth Granli døydde etter ein lang kamp mot kreften. Bakgrunnen for at kommunestyret måtte velje ny ordførar er at kommunelova krev nytt val når ordføraren fell frå.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**