Tale på Horstad 17. mai 2012

Leiar for lokallaget og formannskapsmedlem Øystein Djupvik var invitert til å halde årets 17-mai tale på Horstad skule. Talen er her gjengitt i si heilheit.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Kjære landsmenn, kjære sambygdingar, kjære alle saman!

Gratulerer med dagen!

Det er ei stor ære og glede å bli spurt om å halde årets 17-maitale her på Horstad. Tusen takk for invitasjonen!

Som fersk folkevald og med tanke på dei tunge politiske prosessane Naustdal Kommune har vore gjennom sidan førre val, er det å halde ein 17-maitale her på Horstad ei spesiell oppleving for meg personlig.

Etter å ha takka ja, var det nokon som spurte meg med glimt i auget: «På Horstad? Tør du virkelig det?».

Etter raskt å ha tenkt meg om, svarte eg som sant er: «Er det frå ei grend i kommunen eg verkeleg set pris på å bli invitert til som 17-maitalar, ja då er det akkurat her. På Horstad!

Så igjen: Tusen takk for at de inviterte meg.

Årets 17-maifeiring har skapt eit bredt engasjement i kommunen. På tvers av bygder og krinsar, og på tvers av generasjonar. Vi som innbyggjarar har stått samla i ein forståing av at 17-mai handlar om både å sjå framover og sjå bakover. Eller vere bevisst på historia, for å seie det slik.

17-mai handlar i bunn og grunn om å feire grunnlova, altså det dokumentet som danna grunnlaget for den staten og nasjonen vi er i dag.

Men Norge som nasjon har ei historie som vi kan trekke tilbake i minst 1000-år. Ja, i alle fall bak til Harald Hårfagre.

Men slapp av, eg skal ikkje dra heile den historia. Då hadde vi blitt her til sein kveld, og vel så det.

Men det eg har lyst til å fokusere på er opptakta til 1814 og det som enda med at grunnlova vart ferdig den 17. mai for 198 år sidan.

Året 1814 er kanskje det mest hendelsesrike i Noreg si historie.

Ved starten av året er landet et lydrike, eller marionettstat under Danmark. Men ved utgangen av året er Noreg eit konstitusjonelt monarki i union med Sverige.

I dei hendelsesrike månadane frå unionen med Danmark vert oppløyst til den nye unionen med Sverige er eit faktum, har Noreg blitt ein sjølvstendig stat, hatt sin eigen konge og utarbeida si eiga grunnlov.

Noreg må til slutt akseptere ein ny union. Men den svenske Kongen må akseptere den nye norske Grunnlova — ein konstitusjon der Grunnlova over alt, også over kongen!

Kva var det som eigentleg skjedde?

For å forstå dette må vi skru tida tilbake til 1807. Norge er eit U-land med skyhøg spedbornsdødeligheit, og er avhengig av import av mat. Napoleon hadde herredøme over store delar av Europa, mens Sverige og Danmark-Norge var nøytrale.

I Europa inngjekk Keisar Aleksander av Russland ein allianse med Napoleon som skulle tvinge Sverige og Danmark-Norge til å stenge sine hamner for britiske skip, og dermed bli pressa inn i den Fransk-Russiske alliansen.

Britane fekk nyss om denne alliansen, og kapra heile den Dansk-Norske flåta, mens Svenskane allierte seg med Britane. Dette gjorde at Norge hamna i ein to-frontkrig, mot sin viktigaste handelsforbindelse Storbritannia på ein front, og mot Sverige på den andre.

For 15 år sidan, etter at eg som vernepliktig hadde tenestegjort på NATO-hovedkvarteret for NordvestEuropa like utanfor London, besøkte eg sjømennenes minnehall i Stavern. Dette er vårt nasjonale minnesmerke over dei meir enn 3000 norske sjøfolka i handelsflåten som omkom i krigshandlingane under dei to verdenskrigane.

Då eg kom ut att frå denne storslagne minnepyramiden, vart eg ståande å speide utover det «uendelige havet» mot Danmark. Og eg begynte å tenkje på Terje Vigen. Han som Ibsen skreiv om.

Kva var det han gjorde? Han rodde til Danmark. Kvifor? Jo fordi kona og borna svolt. Kvifor svelt dei?

Jau, for etter å ha tatt heile den norske flåta i 1807, blokkerte britane alle hamner slik at det ikkje kom mat til landet og det var hungersnød.

I april/mai 1808 reiste det to fullasta jekter med korn frå Arkhangelsk i Russland. Dei segla over Kvitesjøen, runda heile Kola-halvøya, segla langs Finnmarkskysten, Nordland, Trøndelag og Møre.

Når dei kom til Kinn, som ligg ute i havgapet rett utanfor Flora, i juni, vart dei oppdaga av 4 britiske marinefartøy. Jektene med den livsviktige kornforsyninga, som skulle til dei uthungra Norge vart konfiskert, og husa på Kinn vart plyndra.

Er det rart at folk vart rasande? Vi som eigentleg var nøytrale!

Nei, dette kunne vi ikkje tole!

Ein kan lese om at folk langs kysten fekk tak i båtteikningar og snikkerte små kanonsjaluppar og kanonjoller i nausta sine. Altså robåtar. Og det vart sendt rundt oppskrifter på korleis ein skulle lage krut og støype kanoner. For her skulle det kjempast!

Og det var ikkje berre på kysten det var strid. Det var også til dels svært harde kampar langs svenskegrensa.

Sverige hadde nemlig inngått avtale om å få Norge som krigsbytte, dersom Napoleon tapte krigane i Europa.

Krigsbytte? Norge?

Frå Naustdal veit vi om fleire som i denne tida reiste i strid for heim og fedreland.

Vi veit at eit brødrepar frå Svorstøl og onkelen deira, som var Smed ved Bergenhus Infanteriregiment deltok.

Bergenhus Infanteriregiment som har ei historie heilt tilbake til 1628, altså nesten 400 år, var forøvrig forløparen til IR-10, som gamle lensmann Erdal kjempa under i kampane i Valdres under 2. verdskrig og som vi seinare har kjent som HV-10.

Norge stilte med 25.000 mann inkludert fleire landvernkompani, verva og frivillige langs svenskegrensa. Det var harde kampar, og vi kan lese om at svenskane vart avskorne frå retrett tilbake til Sverige og gjekk tom for ammunisjon. Men dei kjempa seg «heim att». Berre med hjelp av bajonettar. Altså kamp, mann mot mann.

Våpenkvilen vart eit faktum i desember 1808. Tilbake låg 9000 skadde og 1200 døde Nordmenn.

Etter mange år som herskar i store delar av Europa, måtte Napoleon til slutt abdisere, og som følgje av avtalar som svenskane hadde inngått, måtte Danskekongen overgje Norge til Sverige som krigsbytte.

Men i staden for å overgje Norge til Sverige, så valte han å «seie frå seg den norske Trona». Kanskje ein liten detalj. Men ein svært viktig detalj.

Fetteren hans, Christian Fredrik ønskja ikkje at Danmark skulle seie frå seg Norge. Han meinte at han då kunne arve Noreg og ville utrope seg sjølv til konge. Han inviterte 21 menn til eit møte på Eidsvoll Verk tidleg i 1814 for å diskutere dette.

Ein av dei inviterte var Georg Sverderup. Han såg saka frå ein ny synsvinkel. Han meinte at når Danskekongen har sagt frå seg Noregs trone, har suvereniteten gått tilbake til det norske folk. Det norske folk må sjølv velje sin konge!

Eit kreativt og kontroversielt synspunkt. Han stod knallhardt på dette, og fekk til slutt gjennomslag.

Det vart derfor lyst ut kongeval! Saman med kongevalet vart det også valt representantar som skulle møtast på Eidsvoll for å lage Noreg si grunnlov.

Frå Sogn og Fjordane, valte folket tre personar, ein prest frå Holmedal, ein jurist frå Sogndal og ein bonde frå Lærdal.

Saman med 109 andre valte menn — ja for det var berre menn — møtte dei på Eidsvoll den 10. april for å arbeide fram Grunnlova. Dette var eit stort, viktig og hardt arbeid, og dei arbeida uavbrote, både kvardag og helg i nesten ein og ein halv månad. Det var tydeligvis ikkje eit enkelt arbeid dei hadde tatt på seg!

Det er rapportert at forhandlingane at den 13. mai spesielt harde og voldsame. Partane stod steilt mot kvarande! Det vart sagt at det var regelrett "tretting". Kva trur de dei krangla så intenst om? Jo, budsjett og finansar sjølvsagt!

At budsjett er eit vanskelig tema å einast om, veit vi også i dag. Både statsbudsjett, lokale budsjett, ja til og med husholdningsbudsjettet kan skape frustrasjon og krangel.

Det er då vi må merke oss korleis Eidsvollsmennene avslutta forhandlingane. På tross av stor ueinigheit og steile frontar, når Grunnlova vart ferdig, røyste alle seg, danna brorskapskjede og avga den kjende Eidsvolleden den 17. mai 1814: "Eining og tru til Dovre fell".

Denne eden stadfesta at frå no av skulle alle dra lasset saman, at ueinigheitane var lagt bak seg, og at alle stod saman, uansett tidlegare motsetningar, og uansett kvar dei kom frå.

Kva meir kan vi lære av historia frå 1814?

Av og til dukkar det opp uventa situasjonar og då må ein sjå etter moglegheiter og vere kreative! I staden for å akseptere at Noreg vart gitt vekk til Sverige, såg ein moglegheita i å hevda ein at: "Suvereniteten no vart ført tilbake til det norske folk"

Ein må sette i gang prosessar: I 1814 vart det satt i gang ein prosess for å få til Folkeavstemming og samling av folkevalde på Eidsvoll.

Og viktigast av alt, initiativ. Christian Fredrik tok initiativ til eit møte som la grunnlaget for Riksforsamlinga på Eidsvoll og dermed for eit fritt, sjølvstendig Noreg med eiga grunnlov. Og Christian Fredrik fekk løn for initiativet. Han vart jo valt til konge!

Utan initiativ hadde ein ikkje hatt korkje Sanden eller Naustdalstunnellen. Utan initiativ hadde ein ikkje hatt Vevringsutstillinga ein hadde ikkje hatt Naustdalshallen og Stadion. Ein hadde ikkje hatt Dalen Næringssenter, som no tar form, og ein hadde ein ikkje hatt dette flotte skulebygget her på Horstad. Utan initiativ hadde ein ikkje hatt festivalar som Slåtterock og Sommarfesten på Årøyane. Ja utan initiativ hadde ein ikkje hatt noko 17. maifering i det heile.

Ja kva hadde vi eigentleg hatt utan at nokon såg moglegheiter og tok initiativ?

Når det dukkar opp uventa situasjonar gjeld det å sjå moglegheiter, ta initiativ og sette i gang prosessar. Dette gjaldt i for snart 200 år sidan, og det gjeld i høgste grad i dag!

Noko som går att i 17-maifeiringar landet rundt, er heidring av veteranane under krigen. Altså 2. verdskrig.

Vi høyrer historia frå Oslo i september 1941 då Viggo Hansteen og Rolf Wickstrøm song «Ja, vi elskar» framfor nazistane sin eksekusjonspeletong, heilt fram til skota fall og songen stilna. Vi høyrer om frigjeringsdagen 8. mai 1945 då 5.000 fangar stod på oppstillingsplassen på Grini og song «Ja, vi elskar» for full hals.

Og vi kan ikkje unnlate å nemne den nyleg avdøde Gunnar Sønsteby og minnast han sine bragder. Han var ei kjempe i Norsk fridomskamp. Og vil stå som ein bauta – Truleg heilt til «Dovre fell», som Eidsvollsmennene sa.

Dette er store, gripande historier frå ei tid ikkje så langt tilbake. Ja, det er kanskje fleire her som hugsar denne tida. For oss som då ikkje ein gong var påtenkt, så må vi nøye oss med historiene og tidsvitnene.

Det som kanskje ikkje ligg så langt «framme i panna» er at Norge, etter å ha fått si eiga grunnlov, hamna i krig med Sverige sommaren 1814., då dei ville ha oss som krigsbytte, og ikkje ville akseptere vår nye grunnlov. Det vart heldigvis ein kort krig, og våpenkvilen vart underteikna i Moss etter ca 1 ½ månad — og ca 1000 skadde og drepne.

I kommunen har vi minnesmerker over nokon av de frå kommunen som har kjempa for Norge.

Ved Vevring kyrkje er det ein minnestein etter Leo Aarseth som var lettmatros på tankskipet “Orkanger” og vart torpedert på veg til Malta. Skipet vart torpedert, men mannskapet berga seg i livbåtane. Livbåten Leo var i blei smadra av ein ny torpedo.

På Antonshogen i Instedalen, ved vegen til Svorstølen, står bautaen over dei to brørne Anders og Simon Andersson som kjempa mot Svenskane i 1807 — 1814.

På kyrkjegarden i sentrum står det ein minnestein på krigsgrava til Halvdan Ottar Sæla, som miste livet under felttoget i Valdres i slutten av april 1940.

Vi har Luftkampmuseet som fortel historia om «Den svarte fredagen» og dei 14 omkomne frå Canada, New Zealand og England som gav sine liv her i Naustdal, 1000-vis av kilometer heimafrå.

Og vi har Bautaen i Naustdal, der tidlegare års hovudtale på 17. mai har vore holdt.

Bautaen på Berrvellene i Naustdal vart reist den 17. mai 1914 — altså til 100-års jubileet for grunnlova vi feirar i dag, ei tid då nasjonsbygginga etter lausrivinga i 1905 var svært viktig.

Om berre 2 år — den 17. mai 2014 har grunnlova 200 års jubileum og bautasteinen 100 års jubileum.

På bautaen står det å lese: «Minne um dei menn fraa Naustdal som i 1807-1814 stridde for heim og fedraland. «Reist av bygdefolket i Naustdal 17de mai 1914.»

Altså er det eit minne om dei som stridde mot at Sverige skulle ha Norge som krigsbytte, for at det skulle kome mat på borda rundt om i heimane, og for at Norge skulle vere eit fritt, sjølvstendig og udelelig rike slik det står i 1. paragrafen i grunnlova.

Desse minnesmerka står som viktige vitne på korleis dette landet er bygd. På fellesskap, på innsats, og på offervilje. Det er vår plikt å halde desse verdiane i hevd, samtidig som vi skal utvikle samfunnet vårt både nasjonalt og lokalt, med kreativitet, initiativ og handlingskraft.

På ein slik måte at vi kan vi overlevere samfunnet til våre born i betre stand enn når vi tok over.

Og vi kan sikre at våre arvtakarar har den rette ballasten til å ta vare på vår verdifulle arv, til Dovre fell.

Takk for merksemda, og fortsatt god 17. mai!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**