Ikkje berre små rom

Dersom ordføraren hadde kosta på seg ein tur innom Høgtun, ville ho oppdaga at klasseromma er av litt varierande storleik, nokon er veldig store, andre er vel meir på storleik med standard klasserom i grunnskulen, skriv Marthe Frette i eit innlegg om ungdomsskolesituasjonen i Målselv.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


ROGNLI OG HØGTUN
Ser i tirsdagens Nye Troms (5. juli) at ordførar Helene Rognli er blitt intervjua i saka om foreldregruppa som ønsker høgtunalternativet revurdert som ungdomsskule. Foreldregruppa med fleire har i tillegg eit lesarinnlegg i same avis der dei stiller ein del relevante og gode spørsmål til ordførar og kommunepolitikarane i Målselv. I følgje Rognli er klasseromma på Høgtun for små. Rognli har også høyrt at det generelt sett er mykje som må gjerast på Høgtun, det er langt i frå ein ny skule er Rognli referert vidare. Det som tidlegare vart vedtatt av økonomiske omsyn, har fått andre bein å stå på, står det vidare i kommentaren frå Rognli. Ungdommen trives saman på Bardufoss, det er jo det viktigaste for alle partar, seier Rognli vidare.

Dersom Rognli hadde kosta på seg ein tur innom Høgtun, ville ho oppdaga at klasseromma er av litt varierande storleik, nokon er veldig store, andre er vel meir på storleik med standard klasserom i grunnskulen. Høgtun vgs. kunne flytte inn i «nybygget» i 1994/95. Dei resterande skulebygga vart renovert og oppgradert i same periode. Skulen er altså ikkje ny, men til opplysning er derimot Høgtun vgs. eit skulebygg som er usedvanleg godt vedlikehaldt. Skulen har sidan den tid også stadig vore oppgradert til dagens standard når det gjeld oppvarming, data-nettverk m.m. Det er vel meir enn kva ein kan seia om Målselv kommune sine skulebygg i same periode? Når det gjeld trivsel på Bardufoss, stemmer nok dette. Ungdom trivst i lag, det er noko alle veit som sjølv har vore ung. Skulle tru at også Målselv- ungdommen kunne trivast godt på Høgtun når andre ungdommar har det ganske så bra på Høgtun i dag?

Det kunne vore interessant å vite kor Rognli hentar opplysningane sine frå og korleis ho kvalitetssikrar utsegna sine om Høgtun. Dette er sjølvsagt med forbehald om at ho er rett referert i avisa. Vi har ikkje råd å bygge framtida vår på rykter og benkeforslag som ikkje er grundig nok sjekka ut mot økonomi og andre konsekvensar. Faktakunnskap og grundig gjennomgang av ulike alternativ, sett i lys Målselv kommune sin økonomi og andre oppgåver som kommunen har er vel det minste ein kan forlanga av oss som kommunepolitikarar? Særleg med tanke på korleis denne skulesaka no er i ferd med å ri oss som ei mare.

Marthe Frette
Målselv venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**