Uaktuelt med så dårlig naudnett!

Møre og Romsdal Venstre er klare på at det er uaktuelt med ein så dårlig dekningsgrad på naudnettet som det no vert lagt opp til. Kravet på 80% er for lavt i utgangspunktet, når vi veit at det reelt sett vil bli dårlegare dekningsgrad mange stadar i fylket vårt.

– Enno verre blir det når Direktoratet har senka kravet ned til 70%. Berekningar viser at enkelte stader i fylket vårt vil ein få ei dekningsgrad på ned mot 61%, og då går det verkelig ut over liv og helse, seier ein svært overraska MR Venstre-leder Helge Hamre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Helge Hamre på Venstres landsmøte 2011

Foto: Christoffer Biong

– I Møre og Romsdal, og store deler av landet, har vi ein svært krevjande topografi. Det er ikkje berre å ta seg nokre hundre meter over eit jorde for å få dekning. Vi snakkar til dømes om bruk av fjelltoppar og båt i krevjande vær, for å få dekning. Alvoret fekk vi demonstrert under Dagmar, held Hamre fram, der folk køyrde og sprang kilometervis med mobiltelefonar og andre remediar for å få kontakt med omverda!

Hamre krev at Faremo og regjeringa må gå minst ei runde til med leverandøren for å få ei dekningsgrad i tråd med Stortinget sin vilje!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**