Om økonomien i Hareid kommune

Det har no gått vel eit år sidan lokalvalet. Gjennom dette året har det vorte stadig klarare at den økonomiske stoda i Hareid kommune er svært krevjande. Vi har no eit akkumulert underskot på ca 15 mill. Målet om å dekke inn ein stor del av dette underskotet i 2012 ser ikkje ut til å vere innanfor rekkevidde. Dette trass i at kommunestyret i året som har gått langt i frå har flotta seg, men ført ein svært påhalden politikk. Med bakgrunn i økonomien har vi gjort fleire vedtak som både har våre upoplære og vanskelege. Vi står no føre vedtaket av budsjettet for 2013. Trass i eit godt statsbudsjett for Hareid sin del, vil det for det for 2013 vere behov for store innsparingar og kutt for å få budsjettet i balanse. I utkastet til budsjett frå administrasjonen dreier dette seg om vel 6 mill kroner for velferd og ca 3,3 mill kroner for oppvekst. Dette betyr dårlegare tilbod til dei eldre og dårlegare tilbod i skule og barnehage. I tillegg har vi ei lang liste med tiltak som vi som kommune treng, men som vi ikkje har pengar til.

Vi ser at det er vil vere vanskeleg å kutte vidare på drifta slik den er i dag, utan at det vil gi konsekvensar som vi meiner er lite tenelege for einskildpersonar, grupper og kommuna generelt. Så kva gjer ein då?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Hareid Venstre 2011-2

Foto: Ole Frank Bakken

Venstre ønsker i utgangspunktet ikkje eigedomsskatt. Og i valkampen sa vi at dette var eit tilltak vi berre ville fronte dersom vi såg det som heilt nødvendig. Det gjer vi no. Vi trur at Hareid kommune treng nokre år med eigedomsskatt for å kome seg på fote att. Nokre vil seie at dette er å la folket i Hareid betale rekninga for tidlegare dårleg økonomistyring. Dette har mykje sanning i seg, men like sant er det at om ein ikkje innfører eigedomsskatt, så vil folket i Hareid også betale rekninga. Då ikkje i form av auka skatt, men dårlegare tenestetilbod. Konsekvensane av den dårlege økonomien vil, anten ein likar det eller ikkje, måtte berast av folk som bur i Hareid. Og mest sårbart vert det når einskildpersonar og einskildgrupper må betale ein stor pris i form av dobbeltrom på sjukeheimen, manglande vikarar i skulen, manglande deltaking på ordninga med overgrepsmottak og så vidare. Eit tredje alternativ er å ete av framtidige kommunebudsjett i form av nye underskot. Dette vil vere å ta pengar for dei som skal bruke tenestene etter oss, og det er heller ikkje ei god løysing. Vi erkjenner at eigedomsskatt kan medføre at Hareid kommune vert opplevd som mindre attraktiv å busette seg i. Samstundes trur vi at reduksjon i tenestetilbodet vil gi kommunen eit endå dårlegare rykte.

Eigedomsskatt er ein skatt dei færraste ønsker. Vi ønsker difor eigedomsskatt for ei begrensa periode, og ikkje ein permanent eigedomsskatt. Konkret ser vi for oss at Hareid kommune innfører eigedomsskatt i fem år, og at ordninga deretter vert avvikla. Vi ser for oss ei gradvis opptrapping av skatten frå to til fem promille. Skatten skal hovudsakleg brukast til å dekke inn det akkumulerte underskotet, som vi slit med å dekke inn. I tillegg bør skatten brukast til å gjere nødvendige investeringar for å sikre ein struktur som gjev lavare driftskostnadar for framtida.

Vi har eit godt næringsliv i kommunen. Samstundes har vi bedrifter som i nettopp desse tider driv med små marginar og har stor eigedomsmasse. For desse vil eigedomsskatt kunne vere dråpen som får begeret til å flyte over. Nok arbeidsplassar er avgjerande for ein framtidig sunn kommuneøkonomi. Og vi vil ikkje risikere at eigedomsskatt vert årsak til nedlegging av arbeidsplassar. Vi ønsker difor at næringslivet skal vere unnateke eigedomsskatten.

Kva når dei fem åra er over — har vi skaffa oss ei behageleg pute som vert umogleg å fjerne? Vi vil jobbe for at det ikkje skal vere tilfelle. Difor treng vi å halde fram med fokuset på sunn økonomisk drift, og halde stramme drifts- og investeringsbudsjett. Ved valet vart det gjort ein avtale mellom fleirtalet av partia i Hareid om å bevare den eksisterande skulestrukturen for valperioden. Hareid Venstre ønsker å stå ved denne avtalen. Samstundes trur vi at skule er eit område som må under lupa, og at det på sikt vil vere nødvendig å gjere om på skulestrukturen. Vi trur det er klokt å bruke det som er att av denne perioden til å skape ei god plattform for dette. Både i form av ei evt oppgradering av bygg, og å finne ordningar som også krinsane opplever som gode. Difor ser vi fram til å få ein skulebruksplan som skal vere ferdig i laupet av neste år. Det er vårt håp at planen vil gje nokon retningar for kva veg det kan vere smart å gå, og at dette også for framtida kan vere med å trygge sunne driftsbudsjett og god kvalitet i skulen. Eigedomsskatt vil gjere det enklare å finne gjennomføre gode og varige løysingar i høve til dette.

Vi håpar at alle i Hareid vil vere med på ein felles dugnad for å skape ei god og robust kommune for framtida, og bidra til vi alle får det tenestetilbodet vi har krav på og ønsker når vi av ulike årsaker treng det.

Kommunestyregruppa, Hareid Venstre
Einar Warholm
Annika Brandal
Lars Erling Bjåstad Hovlid

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**