Os Venstre vil ha indre trasé for ferjefri E39

Årsmøte i Os Venstre vil ha indre trasé som alternativ for ferjefri E39 mellom Bergen og Stord.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Os Venstre meiner det er viktig å få på plass eit ferjefritt samband på strekninga så fort som mogleg. Alternativet over Fusa lar seg gjennomføre utan uvisse knytt til ny teknologi, og vil samstundes styrke viktig noverande og framtidig infrastruktur i heile Hordaland, ikkje berre i nord-sør-retning. Indre trasé vil dessutan gå utanom tett busette område og unike rekreasjonsområde, slik nye vegar vert bygd andre stadar.

Os Venstre er kritisk til planprosessane i regi av mellom anna Statens Vegvesen. I etatens siste tilleggsutgreiing vert det ikkje tatt tilstrekkeleg omsyn til helse og miljø i Os. Venstre er opptatt av at Os framleis skal vere ein av landets beste kommunar å bu i. Vi meiner at det er mogleg å legge til rette for utvikling av nye næringar og nye vegar utan at det treng å gå på bekostning av helsa til innbyggjarane i kommunen.

Vedteke på årsmøte 23. januar 2013

Les også Os Venstre sin respons til Hordaland Venstre sitt vedtak her:
Os Venstre uenig med Hordaland Venstre om E39

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**