Resolusjon vedtatt på årsmøte i Hareid og Ulstein Venstre

Årsmøte i Hareid og Ulstein Venstre har vedtatt resolusjon om Mork Rehabiliteringssenter. Du kan lese den her (trykk på overskrifta på artiklen her, så kjem du til heile artiklen).

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


MORK REHABILITERINGSSENTER

Årsmøtet i Hareid og Ulstein Venstre er sterkt uroa over dei signal som no kjem frå styret i Helse Midt Norge. Vi treng Mork Rehabilteringssenter, med full drift, på dagens nivå.

Det har vore sett ned ei arbeidsgruppe for å vurdere framtidig driftsform av Mork rehabiliteringssenter. Eit av forslaga som har kome opp frå helseføretaket, er ei samdrift mellom kommunane og helseføretaket, noko dei kommunale representantane i arbeidsgruppa ikkje ser er mogleg, og fleire kommunar har også gjort vedtak om dette, og alle ynskjer vidare drift av Mork i dagens driftform.

Rehabilitering er ei oppgåve for både spesialisthelseteneste og kommunal helse- og omsorgsteneste. Kommunane har ikkje økonomi til å ta over spesialisthelsetenesta, og det er heller ikkje rett at kommunane skal stå for dette!

Mork Rehabiliteringssenter driv med spesialisert, kompleks rehabilitering, og er dermed ikkje eit kommunalt ansvar. Kommunal rehabilitering kan ikkje erstatte spesialisert rehabilitering, dei har kvar si viktige rolle i eit heilskapleg pasientforløp. Mork har lang erfaring i å drive ambulante tilbod, og er i gong med å vidareutvikle dette, i tett samarbeid med kommunane på Søre Sunnmøre gjennom prosjektet “Kompetanseløftet”. ,

Mork Rehabiliteringssenter tek imot pasientar frå heile Møre og Romsdal. I 2012 kom to tredjedelar av pasientane frå Sunnmøre, medan ein tredjedel kom frå Nordmøre og Romsdal.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**