SKULEVEDTAKET frå 21.02.2013

Kva ligg det i vedtaket gjort av kommunestyret i Kvinnherad idag?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Rehabilitering eller ny skule – det er spørsmålet.
Kommunestyret har gjort eit vedtak som gjeld skulane våre i framtida. Det mest overraskande for mange i dette vedtaket er at det er nemnd ei kostnadsramme på 200 millionar kroner til nybygg eller rehabilitering. Det er viktig for dei partia som røysta for fellesframlegget som fekk fleirtal å understreka at dette ikkje er ei løyving. Løyving vil det først vera når evt utbyggingar er lagde inn i budsjettvedtaka. Det er heller ikkje eit vedtak om å investera for 200 millionar.
Vedtaket inneber:
– Ny barneskule på Undarheim skal utgreiast, både som skule for Undarheim/ Sunde og for større deler av noverande Husnes ungdomsskulekrins.
– Utgreiinga skal vega desse alternativa opp mot rehabilitering og utviding av både Undarheim og Valen,
– Maksimal total investering for dette skal vera 200 millionar.
– Dersom ein konkluderer med at ein skal opprusta noverande skular på Valen og Undarheim, skal elevane frå Sunde overførast til Undarheim og elevane frå Skarveland til Valen.
200 million er mykje pengar. Summen må ein sjå i samanheng med at skulane kvar for seg har stort vedlikehaldsetterslep i dag og treng opprusting. I tillegg kjem sparte driftsutgifter ved å samla elevar.

Arve Opsanger (AP), Kjell Yr (V), Hege Lægeid Røssalnd (SV), Knut Prestnes (Uavhengig) Marit ElisebetTotland (KrF)
—-
Heile vedtaket, med støtte frå AP, Venstre, SV, Uavhengig, KrF og 1 frå Frp:

1 a) Det skal straks startast opp planleggjing av plassering, utforming, kostnadsramme og finansiering av ein ny Undarheim skule innanfor ei kostnadsramme på 200 millionar kroner. Denne skulen skal ha plass til barneskuleelevane frå heile eller deler av noverande Husnes ungdomsskulekrins. Desse planane skal vegast opp mot ei rehabilitering og utviding av noverande Undarheim skule og Valen skule.

b) Undarheim skule og Valen skule har same prioritet i framdrift. Dersom resultatet blir at det skal rustast opp skular på Valen og Undarheim, skal elevane på Skarveland overførast til Valen og elevane frå Sunde til Undarheim.

c) Flytting av elevar ved Bringedalsbygda skule til Undarheim skule skal utgreiast og sendast ut på høyring.

d) Felles skule for elevane ved Uskedalen skule, Omvikdalen skule, Malmanger skule og tidlegare Mauranger krins skal utgreiast og sendast ut på høyring.

e) Arbeid med plan og finansiering skal starta umiddelbart. Fleire former for finansiering skal vurderast, m.a. delfinansiering frå kraftfondet.

f) Ungdomsskuletilbodet for elevane frå Halsnøy oppvekstområde og Åkra skule blir som no. Ny vurdering skal gjerast i 2016.

g) Når punkt C og D er ferdig utgreidd skal brukarane ved skulane høyrast. Det vil seia alle som har born i grunnskulen og alle som har yngre born.

2.
Elevane frå Ølve krins og Trå krins (5. – 7. årssteg) får skuletilbodet sitt ved Hatlestrand skule frå 1.8.13. Krinsgrensene vert føreslegne endra i samsvar med dette. Føresetnaden er at opprustinga er ferdig med god kvalitet og framtidsretta løysingar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**