Statens Vegvesen – Vesen eller Uvesen?

Astrid Dale tar et oppgjør med Statens Vegvesen i et leserinnlegg i dag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Det forundrar meg at Statens Vegvesen har ingeniørar i si verksemd som er så arrogante i si haldning til oss brukarar at det vi seier og meiner ikkje verken kan eller skal bli forstått av Svv.
Vi måtte utbetra vår utkøyrsle for å få løyve til å byggja eit nytt hus på haugen. Vi prøvde med ein klage, men vart stoppa av at sikt og svingradius var for dårleg etter synfaring på staden. Men hadde det vore ei synfaring på staden? Ikkje veit eg, for då vi hadde neste synfaring med begge partar på plass så vart det uttalt frå Svv sin representant at her er jo sikten mykje betre enn estimert utfrå kartet. Då måtte eg berre stilla dette spørsmålet: Sei meg ein ting, har det ikkje vore synfaring på staden? Eit konkret svar fekk eg ikkje for det vart vel for flaut å gi. Ei løgn kallar eg dette. Og når handsamar ikkje ein gong har gidda lest klage på førehand, men står og les den på sin mobil ved synfaring, då er arrogansen til oss brukarane stor.
Vi utbetra utkøyrsle sjølv om det finns uttallige utkøyrslar frå hus og byggefelt med verre sikt og større trafikk til og frå. Vi har også blitt overlatt ansvar pr brev der vi er ansvarlege for å sikre fjell-skråning på Svv sin eigedom hvis dette viser seg å vera rasfarleg. Du snakkar om å skriva frå seg ansvar!

Er det same haldning som kjem fram no i samband med Bru-over-Bjørnafjorden-prosjektet? For meg verkar det så.
Med ei bru kan vi kanskje kjøra fortare frå Stavanger til Bergen og spara millionar på 15 minuttars kortare kjøretur enn med ein veg innom Tysnes-Fusa og vidare til Bergen.
Men – kor er klimarekneskapen med ei gigantbru i fjordlandskapet? Kvar blir det lovleg å setja line, garn eller teiner med ei bru i fjordmiljøet? Kor nært kan vi gå med båt med gigantisk forankring i fjord-djupet. Kva med sjøfugl som høyrer til i fjordmiljøet og kva med fisken i fjorden? Blir desse påverka av arbeid og kolossar i sjøen og forureining i alle åra framover? Vil dette påverka straumen i fjorden? Korleis skal vi koma inn til havnene våre med små og store båtar når 4-feltsveg skal gå innover land? Får vi nye havner? Kvar skal vi finna turglede og helsebot når det i grøntområdet rundt oss — som faktisk vi som bur i Øyane kan spasera til utan den minste forureining – passerer bilar kvart 6 sekund over gigantbrua med den støy og utslepp dette utgjer? For det er jo desse tala Svv brukar i sine prognosar for dei neste 10-15 åra når det gjeld vår bilbruk. Kva med helsebiten for brukarane av heile det unike fjordlandskapet rundt Bjørnafjorden?
Svv uttaler i media at dei vil ha bort kommunal styring og regulering i dette prosjektet! Ikkje rart vi aldri har fått sett skisser eller framlegg til kor ilandføringane kjem og korleis dei vil sjå ut! Vi skulle jo ikkje få vera med og ytra våre meiningar i det heile! Dette er ein så arrogant framgangsmåte at det minner meir om diktatur enn demokrati i vårt land i 2013.

Eit poeng til:
Vi treng ny jernbane i vårt land, også på Vestlandet. Lag veg og jernbane frå Stavanger til Ålesund/Trondheim og lyntog til Oslo. Då får vi eit alternativ til miljøvenleg reisemåte. Strekninga mellom Bergen og Oslo er ein av dei mest trafikkerte flystrekningane i Europa. La oss investera i framtida med fornya Bergensbane. Vegnettet i Norge er i ferd med å bryta saman pga for lite vedlikehald og smale vegar. La oss byggja infrastruktur for framtida og ikkje for eit næringsliv som kun ser den økonomiske vinninga på kort sikt framover.
Terje Søviknes, eg utfordrar deg til å ta til motmæle på overstyringa frå Svv.

Til mi glede ser at at mange unge har vakna og ser at lyntog mellom byane er framtida og gigantbru over vakkert fjordlandskap som korttenkt og lite framtidsretta. Eg skal med glede setta meg på toget i Arna og reisa i 3-4 timar i behageleg togkupe til Oslo og koma direkte til Oslo sentrum i staden for å kjøra til Flesland minst 2 timar før avgang, venta der og fly over fjellet og ta flytog til Oslo sentrum. Eg ser verkeleg fram til den dagen våre framtidsretta kunnskapsrike politikarar og byråkratar lar meg få oppleva dette!

Helge Eidsnes og Signe Eikenes: Eg utfordrar Svv til å byggja veg og jernbane som skal vera mijøvenleg og næringsnyttig for heile Vestlandet — ikkje kun for nokre få kommunar langs "Gullaksen".

Astrid Dale
Styremeldem
Os Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**