Norsk skule har mange utfordringar, Venstre har mange av løysingane

Vi må ha ein skule der elevane lukkast, ut frå dei evner og føresetnader den enkelte elev har. Men vi skal stille krav til eleven, krav om at den enkelte skal strekkje seg lengst mogeleg ut frå sine føresetnader. I god venstretradisjon skal vi støtte prinsippet om to jamstelte skriftspråk og sidemålsopplæring skal framleis vera ein viktig del av norskfaget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

 Ordfører Halvor Lilleslett fra Gol tar opp praksisen

Ordfører Halvor Lilleslett fra Gol tar opp praksisen “Ny giv” som ikke virker.
Foto: Jo Straube

Norsk skule har mange utfordringar, Venstre har mange av løysingane

Den største utfordringa er kan hende fråfallet i vidaregåande opplæring. For nokre av studieretningane er fråfallet opp mot 50%. Det er kan hende ikkje så rart at ein del, særleg teorisvake er lei etter 10 år med hovudvekt på teori, når ein helst vil sysle på med praktisk arbeid, eller i alle fall praktisk skulearbeid? Sentrale politikarar klør seg i hovudet og trur svaret er meir av dei faga elevane er dårlege i. Blir ein frisk av meir av den medisinen som ikkje verkar?

Neppe.

Ny giv, det er svaret, ropar nokre. Ny giv, sette inn støtet siste halve året på dei som ein trur ikkje vil greie eksamen i 10. klasse.
Kvifor vart det ikkje sett inn meir støt før? Dei fleste som arbeider i skuleverket vil hevde at desse elevane kan vi peike ut tidleg, gjerne i 4. eller 5. klasse. Kan hende tidlegare. Kvifor ikkje sette inn støtet då?

Ein liberal skulepolitikk skal leggje til grunn at ingen elevar er like. Det er eg samd i. Ein liberal skulepolitikk skal som ein følgje av dette heller ikkje leggje opp til at alle elevar skal lære det same, uavhengig av evner, interesser. Kvifor skal alle lære det same? Treng vi alle den same basiskunnskapen. Treng den som skal bli snekkar ein annan basiskunnskap enn den som skal bli sjukepleiar? Vi må få gjort noko med læreplanane.

Vi skal leggje til rette for at praktikarane skal få si opplæring, like mykje som vi skal leggje til rette for at teoretikaren skal få si opplæring. Vi treng dei begge, både den flinke handverkaren og den flinke teoretikaren. Det er meiningslaust at læreplanane både på ungdomsskulen , og ikkje minst på vidaregåande ikkje legg opp til større differensiering, der det er rom både for praktikaren og teoretikaren. Vi skal heller ikkje vera heilt framand for tanken om å gje opplæring i nivådelte grupper. Eg tolkar framlegget til stortingsvalprogram slik at ein opnar for dette, gjennom å kunne leggje til rette for gode lokale løysingar.

Vi må ha ein skule der elevane lukkast, ut frå dei evner og føresetnader den enkelte elev har. Men vi skal stille krav til eleven, krav om at den enkelte skal strekkje seg lengst mogeleg ut frå sine føresetnader.
I god venstretradisjon skal vi støtte prinsippet om to jamstelte skriftspråk og sidemålsopplæring skal framleis vera ein viktig del av norskfaget.

Prinsippet om livslang læring er også ei viktig venstresak. Folkehøgskulane skal sikrast. Likeeins er det eit viktig og riktig framlegg Trine Skei Grande har kome med til stortingsvalprogrammet når ho gjer framlegg om at studieforbunda skal sikre tilfredstillande finansiering gjennom auka budsjettrammer.

Dei elevane som valde eit parktisk yrke skal seinare kunne ta seg teoretisk utdanning, der som dei ynskjer det, toget går ikkje ein gong for alle. Det legg også venstre si satsing på vaksenopplæring opp til.

Halvor Lilleslett, Gol Venstre på Venstres Landsmøte 2013

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**