Ønsker ikkje karakterar i barneskolen

Venstres landsmøte har vedteke at Venstre ikkje ønsker karakterar ifrå 7. klasse. Unni Fuglestad i Rogaland sin delegasjon hadde ordet i debatten om karakterar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Skole, elev, lese, skrive, utdanning

Foto: Microsoft

 Venstres Unni Fuglestad

Venstres Unni Fuglestad
Foto: Time Venstre

Les heile innlegget hun holdt her:

Kjære landsmøte

Mange i denne salen hadde sikkert eit heilt ok forhold til karakterar når de sjøl gjekk på skulen: men det er fordi de var flinke! Alle liker å få bekrefta at ein er over gjennomsnittet! Men er du ikkje i denne gruppa blir du ikkje nødvendigvis like motivert. På veldig mange elevar, er det faktisk heilt motsatt- karakterane dempar arbeidsinnsatsen. Me har tal på at rundt 20-30 % av elevane blir motivert av ytre faktorar som karakterar.

Målet for all undervisning i skulen er å sikre at alle elevar har eit maksimalt læringsutbytte i forhold til forutsetningane. Maksimalt læringsutbytte. Korleis kjem me dit? Det kan forsking fortelje oss mykje om.

Ein av dei viktigaste skoleforskarane i verda i dag, Hattie, har rangert 138 tiltak etter om dei virker, ikkje gir utslag eller rett og slett hemmar læring – og dei fleste tiltaka til Kristin Halvorsen er av dei to siste kategoriane

Kva er så topp 5 på denne lista? Jo, det er Venstre sin skulepolitikk: sats på læraren! Det som verker er det som skjer i klasseromet: tydelige og kompetente lærarar i fagdialog med elevane. Det er denne relasjonen som er utgangspunkt for læring.

Dersom pedagogane som arbeider i skulen hadde trudd det var karakterar i barneskulen som skal til for å få meir læring og bedre ferdigheter ville det vore eit krav frå skulane om å innføre dette. Det er ikkje vanskelig å setja karakterar, det er stort sett veldig lett — lærarar ønsker ikkje karakterar på barneskulen fordi erfaringa har vist at det ikkje er det som er svaret. Det er eit blindspor når målet er meir læring. Altså: nei til karakterar i 7. – men ja til Venstre sin satsing på læraren!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**