Kva er lett og kva er vanskeleg med å starte eiga verksemd?

Venstrelaga i Hallingdal arrangerer ope møte om og med gründerar i dalen onsdag 22. mai kl 19.00. Møtet blir på Torpomoen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Nestleiar i Venstre Terje Breivik er hovudinnleiar. Stortingskandidat Rebekka Borch vil også ha innleiing. Trond Ask Henriksen i Hallingdal Etablerersenter vil fortelje om utfordringane nyetablerarane strir med, og kva som skal til for at ein god ide kan bli ein forretningside og noko på leva av.
Hallingdal Etablerersenter gir uavhengig og gratis rettleiing til personar som vil starte eiga forretningsverksemd; hjelp til utarbeiding av forretningsplanar, finansiering og rettleiing om offentlege lover og reglar.
Det blir innlegg frå fleire av gründerane i dalen. Det er svært ulike forretningsidear vi får høyre om. Det er sett av god tid til samtale og drøfting med tilhøyrarane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**