Muntert alvor om sidemål

I Hardanger Folkeblad kan du i dag (15. mai -13) lesa om Sverre Kleivkås som er uroa over framtida for sidemålet, og nynorsken spesielt. Han likar ikkje Høgre sitt vedtak om å gjere sidemål frivillig både i ungdomsskule og vidaregåande. — Om Høgre og Frp kjem i regjering åleine, ser det dårleg ut for sidemålet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Seier Venstre-politikar Sverre Kleivkås i Ullensvang, som i sist heradsstyremøte hadde «ord for dagen» slik tradisjonen der er, og viste til fleirtalsvedtaket (164-87) på Høgre sitt landsmøte der partiet vil ha frivillig sidemål både i ungdoms- og vidaregåande skule. Dei vil og fjerne karakter i sidemål. Ungdomsrepresentantane jubla, og redaksjonskomiteen var delt.

— Eg er særs uroa for vedtaket. All forsking viser at dess meir språk ein tileignar seg, dess betre er det. Utan karakterar er det vanskeleg å argumentere for at det er viktig eller prioritert, seier han, og peikar på at sidemål i stor grad er nynorsk. — Venstre ser på læring av språk som viktig, og læring av fleire språk bør starta så tidleg som råd. Slik sikrar me språkleg fridom, mangfald og meir språkkunnskap.
— Sidemålsundervisninga må styrkast. Lærarstudentar må få betre opplæring, begge målformer bør i større grad brukast i andre fag enn norsk og me bør starta sidemålsundervisninga tidlegare.

Kleivkås vurderer Høgre sitt vedtak som at dei ser to målformer som ei hindring, ikkje ein styrke av språket. Og han startar valkampen med eit smil: Skal du sikra språkmangfaldet og sidemålet; stem på eitt av småpartia — helst Venstre.

Bokstaver, skole, alfabet

Foto: Microsoft

Poesi
Målmannen frå Venstre, avslutta innlegget i heradsstyresalen med diktet «SIDEMÅLET».
Høgre sitt landsmøte er ute i
eit skikkeleg hardt vær,
No vil dei i sidemålet ikkje
lenger gjeva karakter.
Å innføra karakterar frå femte
klasse er for meg til Lite godt,
Men det har dessverre ikkje
fleirtalet i Høgre forstått.
Å styrka sidemålsundervisninga
er viktigare no,
Det ville for meg gitt karakteren
God.
I mine auge burde denne
debatten vore fjerna,
Men der er eg og du ueinige Erna.
Til avslutning vil eg berre ein
ting til seie,
Neste ord for dagen
tek Høgremannen Terje Bleie.

Frå sidelina
Me tok ein telefon til han som vart utfordra, heradsstyrekollega frå Høgre. Høyre-leiar Erna Solberg må fronte vedtaket. Men rett skal vera rett; både ho og nestleiar Jan Tore Sanner røysta i mot frivillig sidemål. Vossing og ihuga målmann Arne Hjeltnes (Bærum Høyre), er ein ivrig forkjempar for obligatorisk sidemål. Kva meiner Terje Bleie om saka?

—Eg er sjølvsagt einig med Erna og Arne! Men eit fleirtalsvedtak er eit fleirtalsvedtak. Det er ikkje her som i Venstre at ein deler partiet ved usemje, sparkar Bleie muntert.

Kjenner me han rett, vert det både muntert og poengtert når han tek opp hansken Kleivkås kasta. — Det er ikkje meg i mot om mitt «ord for dagen» fører til at saka vert teken opp på landsstyremøte i Høgre!

METTE BLEKEN
[email protected]

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**