Eid Venstre: Førstegangsetablerarar i Eid skal kunne få startlån

Eid kommune har no for første gang på ti år laga ein bustadsosial handlingsplan. Etter framlegg frå Venstre, har Formannskapet i Eid no vedtatt at ein som del av planen skal få på plass ei samla bustadteneste i Eid, og å innføre betre finansieringsordingar for dei som skal bygge hus i Eid for første gong.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Eid Venstre v/ Gunvald Ludvigsen foreslo i formannskapet at unge i etableringsfasen i Eid for framtida skal kunne tilbyast startlån som toppfinansiering der andre finansieringsinstitusjonar har grunnfinanseringa. Dette har fram til i dag ikkje vore praksis i Eid kommune.

Arild Nøstdal

Foto: Sfj Venstre

– Vi har fått på plass ein viktig og ambisiøs plan, som vil få fart på bustadbygginga i Eid med bygging av 40-50 nye sosiale bustader dei neste åra, i tillegg til at vi gir betre rammevilkår også for ordinær bustadbygging for førstegangsetablerar. Det vil hjelpe mange til å få meir makt i eigen kvardag ved å kunne bli eigar av eigen bustad, sa Eid Venstre sin gruppeleiar, Arild Nøstdal, i debatten i Driftsstyret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**