– Eg tek gjerne på meg rolla som Hallingdal sin talsperson, seier stortingskandidat Rebekka Borsch (V)

Rebekka Borsch, Venstres stortingskandidat i Buskerud, var nyleg i er i Hallingdal. Hovudtemaet for besøket var småbedriftene og nyetablerarane sine utfordringar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

 Stortingskandidat Rebekka Borsch

Stortingskandidat Rebekka Borsch
Foto: Gunn-Torill Homme Mathisen

Borsch vitja Fausko skysstasjon i Hemsedal og ho deltok på eit ope møte om og med nyetablerarar saman med m.a. nestleiar i Venstre Terje Breivik . Borsch deltok også på Hallingdalskonferansen der temaet er samferdselsutfordringane knytt opp mot næringslivet sine behov.

-Eg er imponert over det næringslivet i Hallingdal får til. Det verkar til å vera ei eiga innstilling hjå hallingen at han skal greie seg sjølv, berre rammevilkåra er til å leve med, seier Rebekka Borsch. Eg har lært mykje på denne vesle rundreisa, ikkje berre har eg vorte kjent med næringslivet og næringslivet sine behov, eg har fått oppleve matkultur og anna kultur også.

Rebekka Borsch er leiar i Buskerud Venstre. Ho sit i Venstres landsstyre, er vara til sentralstyret og dessutan medlem av Venstres internasjonale utval (IU) samt medlem av Venstres programkomité for stortingsvalet 2013. Ho har såleis ei brei kontaktflate. Rebekka Borsch sit dessutan i formannskap og kommunestyre i Røyken. Ho er også 1. vara til fylkestinget i Buskerud. Rebekka Borsch kjem opprinneleg frå Tyskland, men har etter kvart blitt norsk statsborgar. Kontaktnettet hennar er difor også langt ut over landets grenser. Språkmektig er ho også.

Rebekka Borsch tek gjerne på seg rolla som dalen sin talsperson inn mot Storting og styringsverk, om ho skulle koma inn på Stortinget. Om ho er busett i Røyken, har ho på kort tid gjort seg godt kjent i Hallingdal.

– Det er eit stort dilemma at alle førstekandidatane i Buskerud til stortingsvalet er busette i nedre delar av fylket. Eg vil i alle fall gjera mitt for å vega opp denne ubalansen ved at eg gjer meg ekstra godt kjent i Hallingdal. No har eg vore her mange gonger i det siste, og eg meiner eg etter kvart har fått god innsikt i mykje av dei utfordringane me har Hallingdal, avsluttar Rebekka Borsch.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**