Kva er lett og kva er vanskeleg med å starte eiga verksemd?

Næringspolitikk og gründerskap var tema for eit ope møte i regi av Venstrelaga i Hallingdal 22. mai. Stortingskandidat Rebekka Borsch (V) og nestleiar i Venstre Terje Breivik tok del i møtet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

 Nestleiar i Venstre Terje Breivik

Nestleiar i Venstre Terje Breivik
Foto: Kåre Pettersen

Nestleiar i Venstre Terje Breivik var hovudinnleiar, og han peika på mange av dei store utfordringane det er for små og mellomstore verksemder generelt, og ikkje minst dei store utfordringane det er å starte eiga verksemd.

Særleg utfordrande er det for dei 10% som finn opp nye produkt. Det er mange av desse som må gi tapt etter at produktet er utvikla fordi salsapparatet gjerne ikkje er oppe og går på ein skikkeleg måte. Dei offentlege støtteordningane ikkje er tilpassa desse behova.

Breivik kom inn på fleire tiltak Venstre har lansert i sitt stortingsvalprogram og hovudpoenget er at det også må vera støtteordningar til meir enn produktutvikling. Han nemnde m.a. tiltak som lågare arbeidsgjevaravgift i ein oppstartperiode for verksemder med færre enn fem tilsette, såkalla såkornfond der investorar skøyter til ein gitt kapital og det offentlege kjem med tilsvarande midlar. Investoren får skattereduksjon knytt opp mot den innskotne kapitalen.

— Kapitaltilgangen må harmonere med behovet til verksemdene, ikkje berre i storleik, men også i tid, sa Breivik.

Trond Ask Henriksen, dagleg leiar Hallingdal Etablerersenter, fortalde om utfordringane nyetablerarane strir med, og kva som skal til for at ein god ide kan bli ein forretningside og noko å leva av.

Tre gründerar, alle med vidt forskjellige produkt og forretningsidear, fortalde om sine erfaringar. Vats Gardsmat v/ Lars Ivar Brattegard, Maaike Visser med Lydfargemetoden og Bernt Junger, Skaugum Bestikk, kunne alle fortelje om svært god hjelp og fagleg støtte frå Hallingdal Etablerarsenter. Det var for alle ei uvurderleg hjelp som var heilt avgjerande for utvikling av forretningsideen. Vidare hadde dei alle same erfaringa med dei ulike fasane og økonomsike utordringane knytt til desse fasane.

 Stortingskandidat Rebekka Borsch

Stortingskandidat Rebekka Borsch
Foto: Tove Hofstad

– Eg er imponert over gründeraktiviteten i Hallingdal, sa stortingskandidat Rebekka Borsch då ho oppsummerte innspela. Hallingdal ligg på gründartoppen i landet, det er ingen regionar utanom Oslo som har tilsvarande mengde med nyetableringar når vi ser dette opp mot folketalet, sa ho. Eg er her for å lære og eg har lært mykje, sa ho.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**