Hjørundfjorddagane og valgdebatt!

Andrekandidiat Britt Giske Andersen møtte for Venstre då fyrstekandidatar og andrekandidatar på stortingslistene frå Møre og Romsdal braka saman på Hjørundfjorddagane, søndag 2. juni. Kampen om stortingsplassane har starta. Temane var blant anna to av dei mest høgaktuelle politiske sakene i vår region, nemleg sjukehusdebatten og debatten kring E39.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Britt Giske Andersen

Foto: Ove Paulsen

«Kvar skal vi ha sjukehus? Kva skal sjukehusa tilby av tenester? Og kvar skal vegnettet gå?» var blant spørsmåla dei politiske debattantane måtte ta stilling til.

Jon Hustad, journalist i Dag og Tid, var ordstyrar. Han har tidlegare markert seg med ei klar røyst i politiske spørsmål, og fekk til dømes mykje merksemd gjennom debattserien «Harde fakta» på TV2. Introen til denne mykje omdiskuterte serien var ein animasjon som viste bygdeguten Jon som reiste til Oslo for å finne ut av kor alle pengane vart av. No reiste Hustad, som har vekse opp på Sæbø, tilbake igjen frå hovudstaden for å styre stortingsdebatten i bygda han vaks opp i: Kven skal vi sende til Oslo?

Debatten var klar i sjukehussaka frå bl.a. Venstre om at her trengs det ein nasjonal plan som definerar kva eit lokalsjukehus skal innehalde og også at det må flyttas meir makt ned tli det enkelte sjukehus. Dei regionale helseføretaka må gjennomgåast for å få ei meir optimal løysing enn i dag.

Når det gjaldt E – 39, så var spesielt trase Hafast / Fefast og finansiering tema. Venstre til liks med fleire gjekk for Hafast og også at det i finansiering måtte til med fleire typear løysningar, som OPS, auka ramme og også moglegheite for fleirårleg budsjettering.

Begge tema engasjerte publikum, som til tross for pøsande regn hadde møtt med godt oppmøte for å høyre på debatten.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**