Ytre Søre Venstre ga fart til Stortingskandidat Pål Farstad

Venstrefolk frå Ytre Søre feira den internasjonale miljødagen, onsdag 5. juni, med å gi fart framfor valkampen til sin eigen stortingskandidat, Pål Farstad. Miljø, næring og fiskeri blir viktige fanesaker for Farstad som er nestleiar i miljøutvalet i fylket og har lang fartstid bak seg i viktige fiskeriorgansiasjonar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Pål Farstad på sykkel

Foto: Annika Brandal

Venstrefolk frå Hareid, Ulstein, Herøy og Vanylven var samla i Ulsteinvik onsdag. Under samlinga vart den internasjonale miljødagen markert, men ikkje minst vart det drøfta korleis få Pål Farstad inn på Stortinget. Farstad er sunnmøringen som bur i Kristiansund og driv politikk på fylkesplan i Molde. Han er såleis godt kjend i heile fylket.

Tidlegare på dagen var Farstad, saman med Pål Grødahl og Berit Lyngstad frå Ulstein på besøk på Jets i Hareid for å sjå på miljøverksemda der. Ei verksemd som fell godt inn i hjartesakene for Venstre: Utvikle arbeidsplassar, tene pengar og betre miljøet på same tid.

Pål Farstad og Ytre Søre

Foto: Annika Brandal

Venstrelaga er klar til innsats i valkampen. Møre og Romsdal Venstre har ikkje vore reperesentert på Stortinget siste periode, og no er det i gang ei stor mobilisering for å vinne eit mandat. Det har mykje å seie for dei lokale laga at dei har ein representant som kan fremje dei lokale sakene.

Venstrelaga på Ytre Søre er enige om at viktige politiske saker som Pål Farstad må ta med seg på tinget: Vern av gytefelta på Mørekysten, gode forhold for fiskerinæringa, fokus på kompetanse for lærarane, god politikk for asylsøkjarborna som har budd lenge i Noreg, utvikle godt og miljøretta næringsliv og satsing på vegar og samband som kan binde saman regionen og gjere arbeidsmarknaden større.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**