Venstre ønskjer regjeringsskifte

-Venstre sitt standpunkt i regjeringsspørsmålet er klart. Partiet ser det rett at nye krefter, nye parti og ny politikk på ei rekkje felt i samfunnet vårt får innta regjeringskontora. Den sitjande regjeringa har gjort ein del bra, men på viktige område for Venstre kan vi slå fast at vi ikkje er nøgde. Dette gjeld m.a. område som skule, miljø, næringspolitikk og kampen mot fattigdom. Dette skriv Ragnar Bakke frå Ørskog Venstre i eit lesarbrev.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Ragnar Bakke sitt innlegg i Bygdebladet, Ørskog:

VENSTRE ØNSKJER REGJERINGSSKIFTE

Venstre sitt standpunkt i regjeringsspørsmålet er klart. Partiet ser det rett at nye krefter, nye parti og ny politikk på ei rekkje felt i samfunnet vårt får innta regjeringskontora. Den sitjande regjeringa har gjort ein del bra, men på viktige område for Venstre kan vi slå fast at vi ikkje er nøgde. Dette gjeld m.a. område som skule, miljø, næringspolitikk og kampen mot fattigdom.

Ei ny regjering må kome vesentleg lenger innan miljø- og klimapolitikken – Venstre har her det beste programmet. Satsinga på skule, utdanning og forsking må aukast.

Vi må ha ei regjeringa som set pris på og løner dei som satsar og tek risiko ved å starte og drive verksemder i Noreg.

Ei ny regjering må få ned og ha som målsetjing å fjerne barnefattigdomen. Familiepolitikken kan betrast på ei rekkje område – gode private tilbod og løysingar m.a. innan rusbehandling må nyttast for å gje hjelp der hjelp trengst.

Venstre vil stå på for fullt for å betre tilhøva for alt frivilleg arbeid rundt i landet vårt. Midlane til MVA-kompensasjonsordninga for frivillige lag og organisasjonar må aukast slik at laga sine reelle kostnader vert dekte. Vi vil avvikle køen som i dag finst knytta til spelemidlar. Ofte må ein i dag vente 4-5 år før godkjende søknader vert utbetalte. Her må Staten tre til. Det frivillige Noreg er berebjelken i norsk kulturliv – utan denne frivillige innsatsen ville kulturnorge vere svært så stussleg. Dei fire partia har alt no kome fram til ei felles plattform for frivillegpolitikken der det er teke flotte steg i rett retning. Byråkratiet og eit innfløkt regelverk har vakse oss over hovudet – veksten må stoggast og deretter reduserast.

Eit sterkt valresultat for Venstre – på trygg side av sperregrensa vil gje Venstre innflytelse dei komande åra! Venstre ser ei blågrøn regjering med Høgre, KRF og Venstre som det beste alternativet. Eg meiner elles heilt klart at alle parti på borgarleg side (H, KRF, FRP og Venstre) i etterkant av valet grundig må gjennomdrøfte eit mogeleg breitt borgarleg samarbeid. Her vil valresultat og styrke avgjere. Ingen kan forvente gjennomslag fullt ut – vi må vere villige til å gje, men forventar også å få.

Politikk er å søkje makt for å få gjennomført mest mogleg av eigne politiske prioriteringar. Eit sterkt Venstre vil signalisere styrke til våre standpunkt. Det beste frå kvart av dei borgarlege partia vil gje oss eit styringsgrunnlag for komande fire år som klart overgår det dagens regjering har vist oss gjennom åtte år. Ap, Sp og SV har valgt strategi: I mangel på eigne nye og gode løysingar på ei rekkje utfordringar skal veljarane skremast med borgarleg usemje og uansvarlege standpunkt hos motspelarane.

Borgarleg valsiger er lik ei styringsdyktig og nytenkjande borgarleg regjering.

Ragnar Bakke
Ørskog Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**