Uttalelse: Sats på lanbruket i Møre og Romsdal

Eit vitalt og mangfaldig landbruk er nødvendig for å sikre sysselsetting på bygdene, ta vare på kulturlandskapet og det naturmangfaldet som er avhengig av beitedyr og anna drift. Møre og Romsdal Venstre ser no med stor uro på framtida til landbruket i fylket.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Ei sterk omlegging av tilskottsordningane og andre verkemiddel vil kunne gje ei negativ utvikling. Det er framleis viktig å ha arealtilskott og ordningar som ikkje er produksjonsavhengige, ikkje minst av omsyn til kulturlandskap og miljø.

Ensidig fokus på effektiv matproduksjon og billig mat kan gå ut over andre hensyn som er like viktige for samfunnet som bosettingsmønster, miljø og etikk i matproduksjon.
Venstre må saman med samarbeidspartnarar sikre at regjeringa fører ein landbrukspolitikk som framleis tek breie omsyn.

Politisk uttalelse
Vedtatt av representantskapsmøtet i Møre og Romsdal Venstre 10.11.13

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**