Årsmelding 2013 Gol venstre

Årsmeldinga for 2013 fortel om eit aktivt lokkallag som markerer seg i kommunepolitikken i Gol

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


ÅRSMELDING 2013 — GOL VENSTRE

Tillitsfolk i meldingsåret:
Leiar: Helge Feet
Nestleiar: Vlasta Sundmoen
Skrivar: Gunhild Sørum,
Kasserar: Hallvor Lilleslett
Styremedlem: Erlend Grubben

Vara:
1. Line Marie Nilsen, 2. John Henning Johannessen. 3. Gudrun Bøthun, 4. Sigurdis Ingimundardottir, 5 Sander Lilleslett.

Revisor: Ola V. Stake

Utsendingar til årsmøtet i Buskerud Venstre 9 – 10 februar i Drammen
1. Helge Feet, 2. Hallvor Lilleslett
Vara: Vlasta Sundmoen, Gunhild Sørum, Erlend Grubben

Valkomité: Attval på alle: 1. Gudrun Bøthun, 2.Hallvor Lilleslett, 3. Per Drabløs.

MØTEVERKSEMD
Gol Venstre har også i 2013 hatt eit aktivt år med i alt 20 medlemsmøte/ gruppemøte/ styremøte/ møte i kommunestyregruppa.
– Laget har hatt eit felles møte med dei andre venstrelaga i Hallingdal 13. januar i samband med årsmøtet på Gol kommunehus. Då var 1. kandidat for Buskerud Venstre Rebekke Borsch med. Tema var Stortingsvalet 2013 og valkampen. Det vart vald eit valkamputval for Hallingdal: Hallvor Lilleslett Gol, Sissel Urke Ål og Mathias Sataøen Hol.
-Eit samrådingsmøte mellom venstrelaga i Hallingdal og Ringerike Venstre fann stad på Gol 28. mai.
– Utdeling av miljøpris frå venstrelaga i Hallingdal til Myrland Hytte og servicesenter i september før valet.
– Valkampen: Stand i Gol sentrum tre laurdagar før valet, felles pakking av valmateriell 27. august.

Hallingtinget:Her møter Hallvor Lilleslett to gongar i året,som ordførar og Gol Venstre sin representant.

POLITISK ARBEID

Gol Venstre har hatt tre representantar i kommunestyret dette året.
1. Hallvor Lilleslett er ordførar i Gol. Han er Gol Venstre sin representant i formannskapet og gruppeleiar. Han møter og i Hallingtinget og som ordførar i Regionrådet og i ulike representantskap der kommunen er medeigar (interkommunale verksemder)
2. Helge Feet er Gol Venstre sin representant i Utval for Natur og Næring (UNN) der han er nestleiar. Han har og møtt i Buskerud Venstre sitt fylkesråd i Hønefoss.
3. Line Marie Nilsen er Gol Venstre sin representant i Utval for Kultur og Levekår (UKL)

Vara til kommunestyret: 1. Vlasta Sundmoen, 2. Gudrun Bøthun, 3. John Henning Johannessen, 4. Sander Bøhn Lilleslett, 5. Erlend Grubben, 6. Ole Martin Feet.

Av større politiske saker Gol Venstre har vore oppteken av i 2013 kan nemnast:

Bygging av ny 1 — 10 skule: Dette har vore eit stort og krevjande politisk arbeid i år. Endeleg og samrøystes vedtak om bygging vart gjort i kommunestyremøtet 17. desember.

Budsjettarbeidet har og i år vore krevjande. Gol kommune måtte legge opp til eit visst "overskot" for å ha handlingsrom for å bygge ny 1 — 10 skule til 220 mill kr. . Det vart foreslått å legge ned Herad skule og flytte elevane til Gol skule og Glitrehaug. Dette skapte "mykje støy" . Kommunestyret vedtok å legge ned Herad skule og drive denne skulen som ei avdeling under Gol skule med ei 60% inspektørstilling.

Hallingmoprosjektet som heilheit har også gått framover. Ei eigen arbeidsgruppe er nedsett for å jobbe spesielt med "alt utanom den nye skulen". Skulen har eiga arbeidsgruppe.

Omsorg : UKL har fulgt opp økonomien i omsorgsavdelinga. Gol V er oppteken av at økonomien skal gå i balanse.

Samferdsel: Den tredje avkøyringa til Gol sentrum er viktig å få til.

Gol som regionsenter: Hallvor har teke dette opp i Regionrådet og Hallingtinget
men fått liten "respons" frå dei andre Hallingdalskommunane.

Gol Venstre, med ordføraren i spissen, har også dette året jobba aktivt i utvala og på medlemsmøter /gruppemøter, vist initiativ og hatt mange innlegg i kommunestyret.

ØKONOMI
Økonomien i Gol Venstre er i god balanse. Gol Venstre har i 2013 hatt 18 betalande medlemmar

Gol, 12 januar 2014

Helge Feet Gunhild Sørum
– leiar – – skrivar –

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**