Uttalelese: Styrking av ferjeflåten i Møre og Romsdal

Årsmøtet 2014 i Møre og Romsdal Venstre meiner det no er det på tide å gje innbyggarane i fylket eit framtidsretta og mest mogleg miljøvenleg ferjetilbod med god kapasitet som me alle kan vera stolte av.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Politisk uttalelse vedtatt 26.01.14 på årsmøte 2014 Møre og Romsdal Venstre:

Ferje over Halsafjorden

Foto: RH

STYRKING AV FERJEFLÅTEN I MØRE OG ROMSDAL

I Møre og Romsdal er både næringsliv og mange av innbyggarane avhengig av ferje i kvardagen. Mange er avhengige av korrespondanse med ferjer eller annan kollektivtransport. Vi er såleis avhengig av at vi kan stole på at ferjene går når dei skal, og at dei har kapasitet til å ta med alle bilane!

Fylkeskommunen er no inne i ein anbodsrunde for vidare drift av ferjesambanda i fylket. På fleire av desse vert det frå 2015 eit dårligare tilbod. Fleire ferjesamband får tilbod om eldre ferjer med lågare kapasitet og driftssikkerheit. Dette til trass for at det dagleg står att bilar på sambanda og at ein på nokre samband har store problem med driftssikkerheita. Dette er ikkje godt nok.

Kravspesifikasjonen i frå fylket må være i samsvar med brukarane sine behov. Dette må gjerast ved at Staten må gje Fylket dei midlane som trengs for å oppretthalde og utvide til eit betre ferjetilbod. Møre og Romsdal bør vere eit føregangsfylke når det gjeld miljøvenlege ferjer. Miljøtiltak rundt drift og bygging av ferjer må være eit ennå meir sentralt punkt i kravspesifikasjonen i frå Møre og Romsdal Fylke.

No er det på tide å gje innbyggarane i fylket eit framtidsretta og mest mogleg miljøvenleg ferjetilbod med god kapasitet som me alle kan vera stolte av.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**