Flyktningemidlar i Kvinnherad

Midlane Kvinnherad Kommune mottek vert ikkje nytta til det dei skal

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Kvinnherad kommune har sagt ja til å ta imot 30 nye flyktningar dei komande tre åra; i tillegg kjem familiesameining som vil auke dette talet ytterlegare. Blant alle desse finnes også einslige mindreårige. Venstre er kjend med at staten overfører midlar for å sikre flyktningane ei fullverdig integrering og deltaking i det norske samfunnet, men veit også at desse midlane i mindre grad kjem fram der dei er tenkt nytta.

Flyktningane kjem ofte frå krigsherja land, og behovet for oppfølging av kommunale tenester er stort. Fleire sektorar må ofte inn, både helsestasjon, skule, barnevern, PPT, utekontakt og andre. Staten betalar “godt” for desse tenestene, og gir til dømes over 10.000 kroner kvar månad i ein periode på fem år pr. einskilde mindreårige flyktning. For vaksne overfører staten endå meir. Midlane frå staten er diverre ikkje øyremerka, og såleis kan kommunen i prinsippet nytte midlane som dei vil, noko dei også i stor grad gjer.

Venstre meiner at midlane heller bør fordelast på dei verksemdene som faktisk yt tenester til flyktningane. For mindreårige vil dette i hovudsak seie Tiltak og tenester for barn og unge (TTBU) og skulane der elevane går, som jo vil vere dei beste arenaane for integrering, deltaking i og oppfølging av det norske samfunnet. Venstre er diverre kjend med at slik det fungerer i dag, får desse verksemdene berre ein liten brøkdel av dei nemnde ressursane overført frå staten; resten går inn i “det kommunale sluket”.

Venstre meiner at når Kvinnherad kommune seier ja til å ta i mot både nye vaksne og barn i kommunen, bør vi ha eit mottaksapparat der vi sikrar tilstrekkelege ressursar både i skule, heim og fritid, fordelt på dei instansane som yt tenestene. På denne måten sikrar vi betre eit førebyggingsperspektiv, og unngår vidareutvikling av problem. Dette vil sikre ei betre integrering av dei som kjem til kommunen, til det beste både for kvar enkelt og samfunnet vårt totalt sett. Det er berre snakk om politisk vilje, moralsk ansvar og samfunnsøkonomisk tenking.

Kvinnherad Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**