Kvinnherad Ungdomsenter må finansierast

Kvinnherad Ungdomsenter treng finansiering til opprustinga

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Kvinnherad Ungdomsenter må finansierast.

Sidan byggjestart av Kulturskulesenteret på Husnes har “bomberommet” til Kvinnherad Ungdomsenter vore stengt. Dette var eit rom det ungdomane kunne spele Air Hockey, bruke fotorommet, samlast i sofagrupper, spele Xbox, PC, Wii og Ps3 eller kort- og brettspel. Dei hadde og ein kjøkkenkrok som utekontakten nytta til å steike vafler, lappar og å koke kakao. No har dette tilbodet vore vekke i omlag tre år. Noko som har medført at mange ungdomar ikkje brukar ungdomsenteret.
Og medan ungdomane har gått og venta på at lokalet skal opnast, har det blitt lagt andre planar for lokala. Flotte teikningar for aktive ungdomar. Ungdomsenteret vil bli flytta til nemnte bomberom, samt eit lokale under biblioteket. Planane er kjempeflotte!
Utfordringa er diverre manglande finansiering. No ser det ut til at dei berre har pengar til ventilasjonsanlegg og tekniske anlegg, men ikkje til interiør, måling, aktivitetar o.l.
Det er viktig at dette vert finansiert snøggast råd. Kvinnherad Ungdomsenter er eit av dei viktigaste tiltaka for å førebyggje rusproblem hjå unge. Det er og ein enorm ressurs når det kjem til integrering av innvandrarar.

•Kvinnherad Venstre vil arbeide for å få på plass finansiering til ferdigstilling av Kvinnherad Ungdomsenter.

Kvinnherad Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**