Utfordringar for landbruket og næringslivet i Innlands-Noreg

Dette vil vera tema under besøket av Venstres medlem i Næringskomiteen, stortingsrepresentant Pål Farstad, har på Gol måndag 17. mars.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Pål Farstad på Venstres landsmøte 2011

Foto: Thomas Havro Hansen

Pål Farstad kjem til Gol og Hallingdal for å høyre om utfordringane næringslivet i Hallingdal slit med. Næringskomiteen har også ansvar for landbrukspolitikken, og difor er også landbruk eitt av tema for Pål Farstad.

-Venstre må løfte seg og bety noko i m.a. landbrukspolitikken og innan reiseliv, seier Farstad. -Vi må stå på for dei små bedriftene og sjølvstendig næringsdrivane. Det er svært viktig for å utvikle den skogen av næringsliv vi skal ha, seier han.

Pål Farstad skal møte tre gardbrukarar, alle heiltidsbønder, som vil fortelje om sine utfordingar. Vidare er det besøk på Nortura sitt anlegg på Gol.

Seinare på dagen skal Farstad ha møte med Pers Hotell og Visit Hallingdal, der reiselivet er tema. Hallingdal som landert største reiselivsregion har store utfordringar, særleg når det gjeld lønsemda. Dette er gjennomgåande ei utfordring for alle som driv næring, anten det er landbruk, turisme eller meir tradisjonell industri. Tal frå NOU syner at Hallingdal er den regionen som har dårlegast lønsemd.

Pål Farstad vil også møte representantar for industrien og for Regionrådet for Hallingdal.
På ettermiddagen arrangerer venstre laga i Hallingdal eit ope mæte med tema «Utfordringane for næringslivet og landbruket i Innlands-Noreg». Her vil Pål Farstad oppsummere sine inntrykk frå besøket sitt på Gol. Han vil vidare innleie til debatt.

Programmet:
kl 1130 Tre bønder; mjølk, sau, samdrift
kl 1230 Bedriftsbesøk industri; Nortura
kl 1330 Bedriftsbesøk Turisme; Pers Hotell- Visit Hallingdal
kl 1430 Utfordringar for Hallingdal. Dgl leiar regionrådet
kl 1500 Torco Kielland – no nedlagt
kl 1530 Pressemøte
kl 1600 Middag
kl 1700 Buskerud venstre fylkestingsgruppe – fylkesleiar
kl 1800 Ope møte: Utfordringar for næringslivet
og landbruket i innlands Noreg

Desse deltek heilt eller eller delevis:
Stortingsrepresentant Pål Farstad
Politisk rådgjevar Liselotte Lunde
Politisk nestleiar Buskerud Venstre Erik Hörluck Berg
Gruppeleiar for Venstre i fylkestinget Helge Stiksrud
Nestleiar Natur og Næring Helge Feet
Ordførar og lokallagsleiar Hallvor Lilleslett

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**