Hallingdal treng utgreiing av kommunestrukturen

Ordførar Hallvor Lilleslett har i eit notat til Regionrådet for Hallingdal teke til orde for at det må gjerast ei utgreiing av kommunestrukturen i Hallingdal. Dette kjem også opp som sak på Hallingtinget i mai.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

 Ordførar i Gol, Hallvor Lilleslett, vil ha fakta på bordet.

Ordførar i Gol, Hallvor Lilleslett, vil ha fakta på bordet.
Foto: Tor Folgerø

Hallvor Lilleslett (V) legg ikkje skjul på at han gjerne skulle samla alle hallingane i eitt rike.

— Ja, eg meiner at me bør gjere noko med kommunestrukturen. Eg er for at me samlar Hallingdal i éin kommune, seier han.

Regjeringa og eit fleirtal av partia på Stortinget meiner det må gjerast noko med kommunestrukturen.

— I fyrste omgang blir det lokka med gulrøter, ikkje truga om pisk. Men me må rekne med at det vil skje endringar, uavhengig av kva me måtte meine, seier Lilleslett. Fredag 31. januar tok han saka opp i regionrådet under «eventuelt».

– Eg meiner det er på tide at me kjem i gang og diskuterer dette, seier han.

— Må posisjonere oss
Både i Hardanger og Nord-Gudbrandsdalen er dei alt i gang med å greie ut ein ny kommunestruktur.

— Også fleire andre regionar er på banen. Me kan ikkje sitje passive og vente på at staten bestemmer for oss. Eg trur det er klokare at me sjølve tek strategiske grep og posisjonerer oss, seier Lilleslett.

Fakta på bordet
Han vil ta initiativet til at eksterne forskarar greier ut alternativ for ein ny kommunestruktur i Hallingdal. Dei bør også få mandat til å greie ut konsekvensane av ein uendra kommunestruktur, meiner Lilleslett.

— Eg er positiv til ei samanslåing, men eg vil ha fakta på bordet og få ei fagleg utgreiing av ulike alternativ før eg konkluderer, seier han.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**