Nyttig besøk med Pål Farstad

Det var eit nyttig besøk stortingsrepresentant Pål Farstad (V) hadde på Gol 17. mars. Utfordringane for næringslivet er store, ei endring av arbeidsgjevaravgifta vil vera eit viktig tiltak for å betre dette.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

 Pål Farstad tek med seg bekyringane rundt arbeidsgivaravgifta tilbake til Stortinget.

Pål Farstad tek med seg bekyringane rundt arbeidsgivaravgifta tilbake til Stortinget.
Foto: Øivind Leren

Stortingsrepresentant Pål Farstad (V) besøkte Gol måndag.

I møte med lokalpolitikarar, reiseliv og næringsliv fekk han mange gode innspel og mykje informasjon om korleis det står til i dei ulike næringane i Hallingdal. Men det var særleg eitt tema som gjekk att: Arbeidsgivaravgifta.

Forstår frustrasjonen
For dersom kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) får det som han vil, får ingen av kommunane i Hallingdal redusert arbeidsgivaravgifta frå 10,6 til 6,4 prosent.

Tvert imot aukar arbeidsgivaravgifta for transport, finans og energi frå 10,6 til 14,1 prosent. Som Hallingdølen skreiv tysdag vil det bety ein avgiftsauke på mellom fem og ti millionar kroner til saman for store bedrifter i Hallingdal. Farstad seier han forstår den lokale frustrasjonen.

— Grensene er kanskje ikkje rette slik dei er no. Det verkar som det er dei same utfordringane her som i Valdres. Det kan vere konkurransevridande, og kan ikkje gå heilt upåakta hen. Me må ta ein runde med det.

— Kva kan Venstre gjere med det?

— Svaret mitt er at det bør vere grunnlag til å gjere noko. Eg vil ta dette inn i gruppa mi i Stortinget. Men eg tør ikkje seie meir enn det eg gjer. Eg skal i alle fall ta opp dette, seier Farstad.

Besøkte bønder
Farstad og følgjet med mellom anna ordførar og partikollega Hallvor Lilleslett var også på gardsbesøk.

Og signala frå landbruksnæringa er også klare. Der stoler dei på Venstre for at landbrukspolitikken ikkje skal bli for radikalisert no som landbruks- og matminister Sylvi Listhaug har varsla store endringar.

— Fungerer Venstre som ein brems?

— Me vil i alle fall pense dette i andre retningar. Me kan ikkje gi oss ut på ein landbrukspolitikk me ikkje kjenner konsekvensane av. Me blir på ein måte ein brems, seier Farstad.

— Venstre profilerer seg som eit grønt og distriktsvennleg parti. Får de påverka regjeringa i den retninga?

— Eg synest at me er ein nøkkel i landbruk. Høgre og Frp får det ikkje slik dei vil utan at me har korrigert. Det har me vist. Men me må blir meir offensive på eigne saker, seier Farstad.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**