-Det er maten vi lever av!

Hallvor Lilleslett tok opp landbruket sine utfordringar og behovet for ein føreseieleg lanbrukspolitikk

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Hallvor Lilleslett på talerstolen

Foto: Christoffer Biong

-Det viktigaste Venstre kan gjera for landbruksnæringa, er å sikre stabile og føreseielege rammevilkår for dei som produserer mat. Opposisjonspartiet Venstre har ei viktig rolle for å demme opp mot landbruksministeren sine liberalistiske idear. Det var difor det var viktig å bevare ostetollen.

Stortingsgruppa handterer landbruk på ein ansvarleg og god måte!

Maten vi produserer skal vera trygg og miljøvenleg. Av beredskapsmessige omsyn er det også viktig at samfunnet er i stand til å produsere meir av maten vi treng. Eg kan ikkje forstå at ansvarlege styresmakter ikkje ønskjer at det skal vera beredskapslager med matkorn lenger.

Busetting og næringsverksemd er andre viktige stikkord i landbrukspolitikken. I min kommune Gol står landbruket for 4% av sysselsettinga. Det i seg sjølv er ikkje særleg mykje, men landbruksbasert industri står for ein like stor andel. Ringverknadane ut over dette er store: Utan landbruket hadde vi ikkje hatt turisme. Hallingdal er landets største reiselivsregion, men vilkåret for å kunne ha ein turistindustri i distrikts-Noreg , er at det er eit levande landbruk og eit livskraftig kulturlandskap. Kor interessant ville det vera på vera turist og berre sjå nedlagte gardar og grender og attgrodde og nedgrodde kulturlandskap?

Landbruk og næringsmiddelindustri sysselset ca 90.000 årsverk på landsbasis.

Vi må ta heile landet i bruk, ikkje minst utmarksressursane. I dag er det store areal særleg i høgfjellet som ikkje blir nytta.

Venstre må stimulere til eit landbruk som er berekraftig. Eit berekraftig landbruk tek i større grad utmarksareal i skog og fjell i bruk. Sauen utnyttar fjellbeite, og det er plass til meir sau. Forbrukarane vil også ha meir sauekjøt. Dette er ein berekraftig produksjon, så lenge ein ikkje må basere seg på importert kraftfor.

Kvar enkelt bonde må få større handlefridom. Der det ligg til rette for mangesysleri med variert produksjon i mindre skala, skal bøndene sikrast dei same vilkåra til økonomisk inntening, som for bønder som satsar på spesialisering og stordrift. For å sikre busettinga og mangfaldet må det vera ulike stimuleringstiltak avhengig av topografi og klima. Det skal vere lønsamt å produsere mat i Noreg.
Så må vi syte for at dyrka og dyrkbar jord ikkje blir nedbygd men nytta til matproduksjon. Jordvernet er eit vilkår for å trygge framtidig matproduksjon

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**