Stor skilnad i symjetilbodet

Ullensvang Venstre har merka seg det er stor skilnad i symjetilbodet til born, alt etter kor ein bur i Heradet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


Ullensvang Venstre har merka seg det er stor skilnad i symjetilbodet til born, alt etter kor ein bur i Heradet. Dette me fekk etter spurnad til Ordføraren, i Heradstyret og Formannskapet, bekrefta frå pedagogisk konsulent i Heradet. Dette er ei urettferdig løysing, og me bur i eitt herad som vert rekna som ein kystkommune, og då burde alle born ha og få likt symjetilbod frå Heradet, uansett kor ein måtte bu og kva skule ein sokner til. Ullensvang Venstre jobbar no for at alle born skal få like god symjeundervisning, så følg med!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**