Lomheim toppar Luster Venstre si liste

Ordførarkandidat Jon Ove Lomheim, Foto: Sfj Venstre

Dei to noverande kommunestyrerepresentantane ville sleppe nye kandidatar til og berre 7 namn frå vallista ved førre val var med etter fyrste runde. Såleis hadde nominasjonsnemnda ei stor utfordring med listestilling ved årets val. Det var særleg utfordrande å få nokon til å stå høgt oppe på lista og særskild kvinner for å oppfylle 40%-regelen for kvart kjønn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Med Jon Ove Lomheim nok ein gong på topp og fleire nye kandidatar, tidlegare medlemar og fleire nye, så kunne nominasjonsnemnda legge fram eit listeframlegg med 9 kvinner og 12 menn til nominasjonsmøtet som vedtok framlegget utan endring.
Nemnda er glad for at Jon Ove Lomheim er motivert for ein ny periode og dermed at Venstre kan utgjere ein skilnad og eit mangfald i Lustrapolitikken. Lista har ikkje lukkast med å få med kandidatar frå Veitastrond, men har elles ei god geografisk spreiing omkring i Luster kommune. Kandidatane representerer også ei god spreiing i ulike fag og yrke og frå både offentleg og privat verksemd.

Venstre har i denne perioden fronta saker for miljø, jordvern, flyktningar/ arbeidsinnvandring og gode desentraliserte tilbod for barnehage/skule og helse/ pleie og omsorg. Dette vil Venstre arbeide vidare for i neste periode, særleg om partiet kan bli representert som dei no er i formannskapet.

VALLISTE LUSTER VENSTRE 2015

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**