Venstre vil rydde opp i byggesakar

Peter Parker

Regjeringa ynskjer å overføre meir makt til kommunane. Dette kling godt hos oss i Venstre. Vi har i mange år arbeidt for å styrkje lokaldemokratiet.

Større handlingsrom i plan og byggesakar er eit av dei mange gode forslaga som Regjeringa har lagd fram. Dette er eit klokt forslag, men det krev politikare som kan halde tunga rett i munnen. Det krev ein heilt annen politikk enn den Frp og Høgre i Os har stått for dei siste 16 åra.

I filmen Spider-man blir den unge Peter Parker, alias Spider-man, fortald at med stor makt fylgjer eit stort ansvar. Det synest som om den noverande politiske leiinga i kommunen ikkje maktar eit slikt anvar. Dei mange opprør mot utbyggingspolitikken rundt om i kommunen (Solstrandvegen, Kuventræ, Bjørnen, Røtingavegen, Bjånes, osb.) tydar på det motsatte. At eit ord ikkje er eit ord og disposisjonane sit laust er ein ting, men Høgre/Frp mangler også tanke for heilskap, samt eit ekte omsyn for naboer og mjuke trafikantar ved større utbyggingar.

Ordføreren kan gjerne skryte av at Os kommune er den mest effektive og den som har den hurtigaste sakshandsaminga i utbyggingsakar. Det er i seg sjølv eit gode, men kanskje ikkje så bra om det er teikn på utbyggarane har for stor makt. Venstre vil sette omsyn til innbyggare foran utbyggaranes. Venstre set folk først.

Det trengs ei grundig vårreingjering i den politiske handteringa av plan og byggesakar. Venstre vil halde ord overfor osingane om vi får sjansen etter haustens val. Vi blir å stole på i byggesakar. Venstre vil ha større openheit, meir demokrati, eit langsiktig perspektiv og ikkje minst hjarta på rette staden. Den bankar som kjend på venstre side av kroppen og den bankar for Os bygda si sjel.

Os Venstre

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**