Ja til reine fjordar

Eirik Tangeraas Lygre
Foto: Joachim Steinbru
Landsmøtet til Arbeidarpartiet må snu om gruvedeponi, og Rogaland AP bør vere ein pådrivar for det på helgas landsmøte i Arbeidarpartiet, skriv Eirik Tangeraas Lygre.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

I dag gjekk regjeringa inn for å tillate gruvedeponi i Førdefjorden. Arbeidarpartiet er einige med Høgre og FrP i at gruvedumping og arbeidsplassar skal gå foran helse- og miljøomsyn. APs “nyorientering” i miljøpolitikken må innebêre at partiet snur om fjorddeponi, og Rogaland AP bør vere pådrivarar for at det skal skje på Arbeidarpartiets landsmøte denne helga. Det er det mange grunnar til. For det er ein frykteleg dårleg idé å dumpe giftig avfall som svarar til eit søppelfjell på 170 meter i botnen av ein nasjonal laksefjord. Eller sagt med andre ord, omtrent tre Ullandhaugtårn oppå kvarandre.

Rogaland AP kan vere forskjellen på skitne, helsefarlege fjordar fulle av søppel, eller reine, turistvenlege fjordar med eit framleis yrande dyreliv.

Eirik Tangeraas Lygre, ungdomskandidat for Rogaland Venstre
Dette søppelet er ikkje berre harmlaus stein og grus. Avfallet vil florere av miljøgifter generelt og kvikksølv spesielt. Kvikksølv er, som kjent, ikkje akkurat helsekost. Det marine livet vil forvitre, og menneske som bur ved fjorden vil kunne ta stor skade. 11 tonn avfall skal dumpast kvart minutt. Det er forståeleg at ei samla fiskeri- og havbruksnæring er motstandarar av dette. Lonely Planet kåra nyleg Norge til ein av verdas største turistattraksjonar, nettopp på grunn av fjordane. Det kjem ikkje til å vare lenge om Arbeiderpartiet, Høgre og FrP held fram med å fylle fjordane våre med søppelfjell og kvikksølv.

Norge er eitt av tre land i verda som tillet sjødeponi. Dei andre to er Tyrkia og Papua Ny-Guinea – der ein diskuterer korleis ein skal avskaffe dumpinga. AP, Høgre og FrP vil utvide. Det er rett og slett flaut, og har med god grunn vekka stor merksemd hos ei rekke internasjonale nyheitsaktørar.

Venstre står klare til å lenkje seg fast for reine fjordar, men treng meir støtte på Stortinget. Kjære Rogaland Arbeidarparti: Ikkje spel russisk rullett med framtida. Stem ja til reine fjordar og nei til fjorddeponi!
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**