Heradstruktur og Venstre

Sist Ullensvang Venstre (V) hadde eit innlegg i avisa, no i vinter, signaliserte me at V ville åpna for deling av heradet om det var naudsynt. Samstundes ville me sjå om det var rom for ein stor hardangerkommune. Dette førte til mange dialogar med både politikarar og innbyggjarar. Arbeiderpartiet var også ute i førekant av Hardangerådet sitt møte i Januar med tankar rundt ein storkommune. V fekk grunnlag for å prøva fyrst å skipa ein dialog utover heradsgrensene i møtet i Hardangerrådet i januar, der stemninga var god. Saman med Høgre og KRF ville V innvitera nabokommunane for å sjå på om me kunne få ein ein utgreiing av ein samla storkommune, noko som igjen kunne gje oss svar på kva det ville innebæra å gifta oss stort.

Denne utgreiinga og informasjonen som den kunne gitt oss, var ikkje dei tre kommunene i nord interesserte å vita noko om, utan å komme med noko særskild god grunn. Me i V vart overraska når vår eigen ordførar uttalte i Hardangerådet : “Nok ei utgreiing kan øydeleggje prosessen me er inne i“. Dette på tross av at det var Ullensvang som inviterte dei andre. Det er vidare sagt i prosessen frå ordførar, at ein skal inkludera innbyggjarane og deirans meningar.

Når ein kvar dag møter mennesker, på alle tre sidene av fjorden og slår av ein prat, så er kommunestruktur omtrent alltid det ein kjem innpå i løpet av samtalen. Dei fleste, har ei meining om kvar dei vil høyre til når frivilligheitstoget rullar ut av stasjonen. No når storkommunen er fyrebels er lagt på hylla, så er det sterke røyster som peikar både nordover og sørover. Dei fleste som no les dette stykket, veit kva plassar i heradet, som peikar kor. Grovt rekna er inntrykket at om lag halvparten av innbyggjarane vil nordover og halvparten sørover, med rimeleg klare majoritetar for det eine eller andre alternativet i mange bygder.

Dei to politiske vedtekne utgreiingane er no snart klare. Me i V har vore klåre på at det må særs store overraskelsar i desse utgreiingane, for å endra innbyggjarane sitt syn på saka. Desse utgreiingane skal me politikarar nytta som eit verktøy for å betre sjå heilheita, og då til slutt ta eit val for innbyggjarane kvar me skal enda opp. V, som alle andre parti i Ullensvang vil neppe forskuttera resultatet og ta ei avgjersle no før me veit meir, men samstundes så har senterpartiet uttalt ofte og tydeligvis tatt ei avgjersle om å sende oss samla enten nordover eller sørover. Sjølv om dei har lufta i nyare tid, at me må sjå på grensejustering og kanskje ei folkerøysting. Dette signaliserte V tidleg i vinter, så velkomen etter. Senterpartiet sin essens, er at deling av heradet ikkje kjem på tale.

Ingen parti i Ullensvang vil fronta å dela Ullensvang, heller ikkje V. Men, noko av Venstre sin liberalistiske grunnfilosofi er å unngå detaljstyring av folk sin eigen kvardag. Dette er den største saka som har vore i Ullensvang si historie, og me skal ha i bakhovudet at me også har ei unik geografisk problemstilling. Folket er delt i saka, difor, skal me nok ein gong formidla beskjeden om at V vil være den som vil realisera at Ullensvang skal kunne dela seg om t.d. ei folkerøysting syner det naudsynt. Dette meiner me er den einaste realistiske og demokratiske løysinga, om me skal unngå at særs mange innbyggjarar skal “gå sure” i ein mannsalder eller to, om dei med tvang skal gå den eine eller andre vegen.
Ullensvang Venstre

Petter Sexe Ulriksen (Gruppeleiar)
Anders Djønne (Ordførarkandidat)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**