Unner vi ikkje ungane våre det aller beste?

Glenn Erik Haugland

Fakkeltog

For eit og eit halvt år sidan gjekk hundrevis av osingar i fakkeltog for ein betre skule i Os. Venstre har tatt utfordringen på alvor, og har sidan protestane frå KFU satt skulen på kartet i den politiske debatten.

Vi høyrer protestane og vil gjera noko med det!

Den lokale debatten om skulen i Os har dei seinare år vore så å seie fråverande. Det er mildt sagt underleg når ein veit at skulane står for godt over halvparten av kommunens budsjett og Os kommune eig skulane. Vi politikare kan gjera mykje godt for å styrke skulane. Vi kan også gjera mykje feil.

Skulane i Os har under Frp/H-leiinga har hatt ei formidabel auke antal elevar. Diverre har ikkje antal lærere og økonomiske ressursar vore like stor. Det har vore for mykje fokus på nye bygg og lite på innhald.

16 år med utilstrekkeleg skulesatsing har ført til ein klar nedgang i kvaliteten på skulen, noko mellom anna dei nasjonale testane synar.

Dette er ikkje godt nok for ein kommune som Os som har ambisjonar om å fortsatt vera ein vekstkommune. Vi treng den aller beste skulen for å vera attraktive for bedriftar som kan tenkje seg å etablere seg i Os. Men aller viktigast er det at vi unner våre barn den aller beste undervisninga dei kan få.

Os Venstre vil auke løyvingane til Os-skulane. Vi vil i nært smarbeid med dei mange dyktige rektorene i kommunen finne ut kor skoen trykker og utvikle dei beste læringsmiljøa. Vi ønskjer å styrke PPT og ha fokus på spesialpedagogar og lærarane i skulen. Det aller viktigast er å auke talet på lærere i skulen slik at dei mange nye osingane som flyttar hit og blir fødd her får den aller beste starten på livet.

I morgon, Tyrsdag 19. mai kl 18, vil vi gjerne høyre kva de meinar om skulesatsinga i Os. Vi stillar med mellom anna lærer og partileiar Trine Skei Grande som i mange år har arbeidd med skulespørsmål i politikken.

Kom og sei di meining!

Os Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**