Vi er store nok!

kvinnherad

Sitjande ordførar og ordførarkandidaten til Høgre går ut mot rådmannen si innstilling om å gå saman for ein storkommune i Sunnhordland. Eg deler synet deira, og ser dei same problemstillingane dei gjer.

Det “mellombelse” fergestøet på Skjersholmane står for meg som det største eksempelet på Stord-politikarane sin (u)vilje til å betre Kvinnherad sine kommunikasjonslinjer. Slik det er i dag ligg Kvinnherad i ei bakevje, og ei samanslåing mot vest vil ikkje endre på dette.

Ein storkommune i Sunnhordland ville hatt eit naturleg adm.senter på Leirvik. Når ein då ser at reiseveg til kommunesenteret for enkelte i kommunen vil bli fleire timar vert det eit klart NEI frå meg. Med samme reisetida kjem ein både til Bergen og Haugesund slik kommunikasjonen er i dag.

Kent Are Kjørsvik Petterson
Ordførarkandidat

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**