Er Os «seg sjølv nok»?

Kva ynskjer me å vera i framtida – liten eller stor? Kva med identiteten vår?

Innbyggjarane i Os vil ikkje slå seg saman med andre kommunar. 60% seier nei til samanslåing ifølgje ei spørjeundersøking. Dette kom fram på orienteringsmøtet i Oseana 27.5 om arbeidet med den nye kommunereforma. Stemninga i salen, vurdert ut frå dei som tok ordet, kan tyda på at haldninga er den same også hos politikarane. Veien videre i denne saka skal avgjerast i kommunestyret 16. juni. Administrasjonen har i sitt framlegg til vedtak i formannskapet peikt på 2 alternativer. Begge skal følgjast opp fram mot endeleg vedtak sommaren 2016.

1) Os kommune heldt fram som eigen kommune som i dag.
2) Os kommune utgreier føresetnader for ein ny Bjørnefjordkommune saman med Nabokommunar.

Ny kommunestruktur er noko som kjem uavhengig av om kommunane vil eller ikkje. Dette er slått fast i vedtak i Stortinget. Det beste er sjølvsagt at ein blir enig og det blir gjort frivillig. Å stå åleine er også eit alternativ. Ein må då grunngje og dokumentera det, og visa at dette er det beste alternativet i den situasjonen ein er i.

Kva situasjon er Os i, om vi ser litt stort på det og held utanfor alle «trivialitetar» som økonomi, demografi, infrastruktur, etc. ?

  • Ein liten kommune sør på Bergenshalvøya med relativt mange innbyggjarar – (areal).
  • Ein stor kommune ved Bjørnafjorden med kommunesenter som blir sett på som det naturlege regionsenteret i området – (innbyggjarar).

Kva ynskjer me å vera i framtida – liten eller stor? Kva med identiteten vår? Er det ikkje Bjørnafjorden som i alle tider har bunde oss saman med naboane våre i aust, sør og vest – og gjer det enno, sjølv utan bruer? Endringar som det me no har framfor oss kjem ikkje ofte. Kanskje berre ein til to gongar kvart hundreår. Derfor må me gripa dette høvet og tenkja langt utover kroner og ører ein får i tilskudd og overføringar dei næraste 3-4 åra.

Skal me få til noko nytt må det skapast ein visjon – «Bjørnafjorden kommune i 2040» (då skal også den ferjefrie kystveien vera på plass). Det må fokuserast på kva moglegheiter nye grenser og ny organisering gir. Alle utfordringane kan ikkje kalkulerast i detalj og løysast på førehand. Visjonen må delast av alle dei som skal vera med. Den må derfor utviklast i eit likeverdig samarbeid og seljast inn både til dei folkevalde og innbyggjarane. Skal ein selja noko må ein ha trua på det. Er haldninga at «me står oss best åleine» er det mindre interessant for dei andre å snakke med oss. Konklusjonen kan ein då nesten skriva før arbeidet tar til.

Os Venstre har tru på at identitet er viktig og samarbeid må til for å koma vidare. Me må derfor finna og utvida «flokken vår» – dei me naturleg har noko felles med. Av dei to alterenativa som administrasjonen gjer framlegg om å utreda meinar me at ressursane og entusiasmen må leggjast i Bjørnafjordalternativet. Å stå åleine må vera siste utveg om det er slik at ingen vil ha oss. Då kan det bli at staten «gifter oss bort» til den som er interessert (Bergen?). Me må i alle høve ikkje bli «oss sjølv nok».

Sveinung Stensletten
Leiar i Os Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**