Venstre i ferjeferda

Me i lokallaga til Venstre i indre Hardanger, har registrert at det er mykje mediafokus på Venstre si rolle å redusera tilbodet på ferjesambandet Kvanndal-Utne-Kinsarvik. Så det er klinkande klårt, så er me motstandare av denne reduksjonen av ferjetilbodet, og har meldt dette inn til fylkesgruppa vår, fleire gonger. Her ber me innstendig om at dette vert vektlagd når avgjersla skal takast. Fylkespolitikarane i V, H og FrP har beklagelegvis eit anna syn enn lokalaga i Ullensvang, Granvin, Odda og Ulvik i denne saka.

Det har vore ei rekke flotte avisinnlegg, politiske debatter og snakk om denne saka, og mykje godt er allereie sagt, og me vil ikkje gjenta alt som har vorte nemd allereie, men heller stø det. Likevel vil me understreka at ferjesambandet Kvanndal-Utne-Kinsarvik må oppretthaldast slik som det er idag, og styrkast ytterligare i turistsesongen. Skal me oppretthalde ein desentralisert busetnad i Ullensvang herad, er det å redusera eit så viktig samband, eit solid signal på akkurat det motsatte. I tillegg med den store satsinga med idrettshall i Kinsarvik, vil dette tilbodet for born og unge på vestsida verte noko dei må stå å sjå på over fjorden, utan å kunne få delta. Vil me verkeleg sparka beinkrok på framtida ved å redusera tilbodet for dei unge? Me meiner dette er dårleg distrikspolitikk.

 

Anders Djønne – Ordførarkandidat, Ullensvang Venstre
Håkon Gjerde – Ordførarkandidat, Ulvik Venstre
Ingebjørg Vinjum – Ordførar, Granvin Venstre
Eivind Tokheim – Ordførerkandidat, Odda Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**