Kvinnherad seier ja til å ta imot 40 flyktningar ekstra over to år!

Kent Are og Anette ynskjer flyktningane velkommen, Foto: Carina Wangensten

I sak PS 2015/38 i kommunestyret 18. juni vart det vedteke at Kvinnherad kommune skal ta imot 20 fleire flyktningar i 2015 enn det som er tidlegare vedteke. I tillegg så tek Kvinnherad kommune imot ytterlegare 20 flyktningar i 2016. Det vert óg sett opp sak i kommunestyret til hausten, der ein skal gå gjennom tildeling av integreringsmidlar til etatane.
Det er noko Kvinnherad Venstre sett stor pris på!

I Kvinnherad Venstre sitt program for 2015-2019 kan ein lesa:

Venstre meiner det er vår moralske plikt å ta imot menneske på flukt. Kvinnherad må ta eit større ansvar for å busetje fleire flyktningar, og sikre at dei ulike etatane får nok ressursar til å gi ei god integrering.

For Kvinnherad Venstre er ei god integrering av flykningar ei viktig sak. “- Om vi kan gje desse personane ei god norskopplæring, eit kontaktnettverk og ein stad å bu har vi gjort mykje. Men det trengs kontinuerleg oppfølgjing. Vi må leggje tilrette så mykje som mogleg, slik at dei er rusta til å skaffe seg arbeid, eigen bustad og, for dei som treng det, familiesameining. Slik vil ein raskare gjere desse personane om til ressursar for kommunen.” seier ordførarkandidat Kent Are Kjørsvik Petterson.

Kvinnherad treng bustader til flyktningane som kjem

Kvinnherad Venstre ynskjer at ein kan gjere som i Randaberg der ein nyttar seg av prinsippet “leige/eige”. Dette inneber at kommunen kjøper/byggjer rimelege småhusvære og leiger dei ut til flyktningane som får anledning til å kjøpe husværet på eit seinare tidspunkt. Leigeutgiftene går då inn som ein del av kjøpesummen.

Integreringsmidlar

For at kommunane skal ta imot fleire flyktningar har Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet auka stønaden for kvar flyktning kommunane tek imot. Kvinnherad Venstre skal sjå til at desse midlane vert nytta fullt ut slik dei er tenkt. Venstre skal sjå til at Nav, TTBU, barnehagar, skular og andre naudsynte tenester får fordelt desse midlane slik at dei kan tilby tenenster som legg tilrette for ei best mogleg integrering.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**