Helse og omsorg

Venstre ser på helse som resultatet av det fysiske og sosiale miljø ein skapar, tjenester som blir produsert og tilbydd, og kvar enkelt sine haldningar frå vogge til grav.

Omsorg er det vi føler og opplever i møte med andre mennesker.

Helse

Kvar og ein har ansvar for si eiga helse. Førebyggjing er det beste, og her bidreg kommunen på mange ulike arenaer og måtar gjennom livsløpet til innbyggjarane. Å skape arenaer der folk kan utfalde seg og møtast både fysisk og sosialt er viktig.Tidleg innsats for åoppdage og ta tak i problem hos born og unge i barnehage og skule må det satsast meir på.

Kommunen må leggje til rette for at hjelp er tilgjengeleg når ein treng det.

Venstre vil:

  • Investere i folkehelsa ved ei kraftfull satsing på friluftslivet. Få fleire ut på tur.
  • Styrke barn- og ungdomspsykiatrien
  • Leggje til rette for at Osbadet/Oshallen blir ein folkehelsesentral.

Omsorg

Størsteparten av omsorgstjenestene som kommunen tilbyr går til eldre og sjuke. Dette tar ein stor del av kommunen sine midlar. Vi veit at det vil bli ein sterk auke i behov for omsorgstjenester framover. Kan tjenestene produserast på andre måtar til ein lavare kostnad, utan at kvaliteten på tjenestene bli dårlegare?

I Nederland vart det i 2006 starta forsøk med «naboomsorg». Hovedmåla var at trengande skulle kunne bu heime lengst mogeleg. Samstundes vil ein sikra at kvalifisert helsepersonell produserer helsetjenester og brukar minst mogeleg tid på administra- sjon. Dette har vore ein stor suksess og er kopiert av fleire land.

Venstre vil:

  • Sørgje for at kommunen er aktiv og framsynt gjennom å prøve ut nye løysningar innan omsorgstjenester.
  • Styrkje rusomsorga ved å satse på gode førebyggjande tiltak for ungdom og aktivitetstilbud for LAR – pasientar
  • Opprette ei permanent diakonstilling
  • Auka støtta til frivillege tjenester som besøksvenner o.l.
  • Tilretteleggje område for bustadbygging med tanke på eldre og omsorgstrengjande
  • Styrke barnevernet
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**